Slik blir Glasblokkene
Bygginga av Glasblokkene går for fullt. Bli med inn og sjå det nye sjukehuset for barn, unge og kvinner slik det er idag - og slik det vil bli ved opninga i 2023.
- Bygginga går heilt etter planen til tross for Korona-situasjonen. Det betyr at vi jobbar mot planlagd opning i 2023. Då vil barn og unge få eit sjukehus med alt frå sengepostar og poliklinikkar, operasjonssalar og mottak, radiologiske tenester og laboratorium. Her skal Kvinneklinikken ta i mot framtidas barn og dei fleste av kvinnene som i dag vert utgreia og behandla i det gamle bygget nokre steinkast unna, seier Helge Bergmann, leiar for arbeidet med Glasblokkene.
Besøk nettsida til Glasblokkene
Omfattande organisasjonsutviklingsprosjekt
4 tårn og 9 etasjar
Tilsette og pasientar har allerede tatt i bruk trinn 1 der psykisk helsevern for barn og unge er blant bebuarane. Her finn ein også Energisenteret for barn og unge, sjukehusskulen, mange kontorar og ein rekke andre tenester. I trinn to vert innhaldet endå meir mangfaldig.
- 1: Hovudinngangen til Glasblokkene ligg her. Når du kjem inn døra finn du innsjekk og hovudresepsjon. Dette er også poliklinikk-etasjen, det dei ulike poliklinikkane vil ligge i dei ulike tangentane. Det vil ligge ein kafé her, det er venteareal, ulike leikerom, mellom anna med faste installasjonar, auditorium og laboratorium.
- 2 – 6: I etasjane over ligg dei ulike sengepostane. Pasientane vil bu på einerom/familierom eller multifunksjonsrom. Kvinneklinikken vil ha sin fødevirksomhet i blokk 5 (tårnet nærast Sentralblokken) og gynekologisk virksomhet i blokk 6, mens barna vil være i blokk 7 og 8.
- U3: Denne underetasjen ligg under jorda. I Haukelandsbakken vil det bli personalinngang med gjennomgang til Sentralblokka via ein ny kulvert. Inngangen ligg i nærleiken av det nye bybanestoppet. I tillegg til areal for sengevask, sampakking av utstyr og ventilasjon/tekniske rom er denne etasjen avsett til garderobar og uthenting av personaltøy.
- U2: Dette er operasjonsetasjen for kvinner og barn, og seks av dei 12 operasjonssalane i Glasblokkene ligg i her. Her er det også planlagt for 22 nyfødtintensivplassar og 12 overvakingsplassar. I tillegg er det fem fødestuer for kompliserte fødslar, inkludert eit kontaktsmitte-isolat. Det er også ein del kontor/stillerom og støttefunksjoner som MTU-verkstad og reinhaldslager.
- U1: I denne etasjen finn ein operasjonsareala for barn med prepol-område. Mottaket i Glasblokkene ligg her, og ambulanseinngangen kjem opp mellom Sentralblokka og Glasblokkene. Radiologiske undersøkingar vil skje i denne etasjen som mellom anna er ustyr med ein ny MR-maskin. Det er også forskingsareal i denne etasjen.
Fakta om Glasblokkene
- Utanom bygginga av Sentralblokka, er bygginga av det nye sjukehuset det største prosjektet på Haukeland nokon sinne.
- Arealet til det nye sjukehuset vil vere omlag 79 000 kvadratmeter når alt står ferdig (trinn ein: omlag 29 000 kvm., trinn to: omlag 50 000 kvm).
- Samla investeringskostnadar utgjer om lag 5,4 milliardar kroner.
- Sjå nettsida til Glasblokkene