Klinikken vår består av Psykiatrisk akuttmottak (PAM) og våre fem avdelingar. PAM gir akutt psykiatrisk hjelp til vaksne over 18 år, og avdelingane gir eit spesialisert tilbod til pasientar med behov for vidare behandling i sjukehuset etter opphald i Psykiatrisk akuttmottak.
Samtlege nordgåande rutebussar går forbi sjukehuset i Sandviken. Busstoppet heiter Gamle Bergen.
Reiseplanleggar på Skyss si nettside
Parkering for pasientar og pårørande i Sandviken er den store parkeringsplassen foran sjukehusbygningane.
PrisarKl. 08.00-17.00 Kr 10,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 210,- per døgnKl. 17.00-21.00 Kr 10,- per påbegynte 30 minuttKl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
Dr. MartensBesøkande til avdelingar som held til i bygget Dr. Martens kan få parkeringsoblat for den tida de skal besøke nokon. Ta kontakt med tilsette på avdelinga de skal besøke for å få dette.
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.