Vi vil prioritere for å fordele ressursane på ein open og rettferdig måte. Behovet for helsetenester vil auke i åra framover. Den teknologiske og medisinske utviklinga vil bidra til eit aukande gap mellom kva vi potensielt kan gjere og kva vi vil ha ressursar til å gjere. Prioritering på systemnivå, men også ei erkjenning av at vi alle gjer prioriteringar i det daglege, Kloke val (22) , er avgjerande for å sikre ei berekraftig helseteneste. Framtidas helseteneste må vere innretta slik at vi forhindrar unødvendig testing, undersøking og for mykje og fordyrande behandling. Når vi innfører nye behandlingsmetodar, må vi også sjå om det er noko vi skal slutte å gjere.
Prioritering gir oss etiske utfordringar og dilemma der grunnleggande refleksjon og verdival må til for å ta gode avgjersler. Haukeland universitetssjukehus vil legge til rette for at medarbeidarane kan ta gode og etiske val innan for dei rammene vi får tildelt. Klinisk etikk-komité er ei støtte for klinikarar og leiarar i vanskelege spørsmål, men tar også imot førespurnader frå pasientar og pårørande.
Det er stor tru på at teknologi og medisinsk utvikling kan løyse mange av dei utfordringane som strammare rammer vil gi oss framover. Men også her må vi gjere val. Vi må sjå på ny teknologi og medisinsk utvikling som eit tilfang av moglegheiter som vi aktivt må velje ut i frå. Dei tiltaka vi satsar på må vere dei som forenklar arbeidsdagen til medarbeidarane, bidrar til betre ressursbruk i tenesta og svarar ut dei mest alvorlege truslane mot helsa til befolkninga.