Pasientane ønskjer å delta i eiga behandling, og styrkeforholdet mellom pasient og helsepersonell er i endring. For å jamne ut styrkeforholdet er kommunikasjon heilt sentralt.
Sjukehuset vil legge til rette for god kommunikasjon med pasientane, og bidra til at dei har nødvendige kunnskap for å ta gode val og vere ein ressurs i behandlinga. Pasientane skal møte empatiske medarbeidarar som skaper ei god ramme rundt konsultasjonen, er interesserte i deira perspektiv og verdiar, gir tilpassa informasjon og involverer pasientane i avgjerslene. Haukeland universitetssjukehus brukar kommunikasjonskurset
«4 gode vaner» for å vidareutvikle medarbeidarane sin kommunikasjonskompetanse. Vi meiner denne metoden legg til rette for medverknad og samval, og styrkar pasientane sin moglegheit til å ta vare på si eiga helse.
Gjennom fleire år har sjukehuset satsa på heilskapleg pasientinformasjon slik at pasientar og pårørande får samanhengande og lik informasjon i brev, på nett og i direkte dialog med sjukehuset. God pasientinformasjon er ein del av behandlinga. Arbeid med pasientinformasjon krev prioritet i fagmiljøa. Klarspråk-satsinga og arbeid med felles nasjonal pasientinformasjon om behandling er del av dette. Dette arbeidet vil halde fram og bli utvikla vidare.