Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samhandling om dei felles utfordringane

For å lukkast med å møte framtidas utfordringar må vi ha eit godt samarbeid med kommunane, andre sjukehus og samarbeidspartnarar regionalt og nasjonalt - i og utanfor helsesektoren.

Eksteriør Region Nordhordland Helsehus. Foto

Samhandling er eit satsingsområde i sjukehuset, og vi veit at vi må ha eit godt samarbeid med kommunane for å klare å møte utfordringane. Eit sentralt premiss i avtaleverket mellom kommunane, dei private ideelle verksemdene i psykisk helsevern, Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetssjukehus, er at vi skal spesialisere og sentralisere det som er nødvendig, og desentralisere det som er mogleg.

Den langvarige beredskapssituasjonen under covid-19 pandemien har vist kor viktig dette samarbeidet er, for å prioritere riktig når kapasiteten i helse- og omsorgstenesta er utfordra. Ein grunn til at vi har klart å handtere pandemien er at vi har hatt gode møteplassar med kommunane der vi har diskutert utfordringar og funne løysingar saman. Denne erfaringa er viktig å ta med seg når vi forventar auka behov for helsetenester og færre ressursar for å løyse oppgåvene.

Spesialisthelsetenesta og kommunane har eit felles ansvar for å førebygge sjukdom. Førebygging er bra både for den enkelte og for samfunnet. Pasientforløp som inkluderer helsefremming, fysisk aktivitet og ernæring vil bidra til at pasientane får betre livskvalitet med mindre behov for helsetenester, ta ned ventetider og auke pasienttryggleiken. Dette krev god samhandling på tvers av tenestene.

Vi ønsker å bidra til at kommunesektoren og sjukehuset deler kompetanse slik at vi får til gode forløp der pasientane opplever samanheng i tenestetilbodet. Vidare vil vi auke kunnskapsgrunnlaget for læring, meistring og førebygging. Dette siste gjeld særleg i psykisk helsevern og i tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Tidleg oppdaging og hjelp er viktig for å dempe behov for helsetenester resten av livet. Særskilt tilpassing av tenestetilbodet til ulike aldersgrupper er i tråd med tenkinga rundt for eksempel ungdomsmedisin i sjukehuset.

Vi vil også dele data frå sjukehussystema slik at kommunane kan overvake folkehelsa og førebygge risikoar. Teknologi kan vere eit hjelpemiddel både i samhandlinga oss imellom og i tiltaka til pasientane. Den teknologiske utviklinga gjer at for eksempel konsultasjonar og vurderingar av pasientar i regi av spesialisthelsetenesta kan skje lokalt på eit helsesenter eller sjukeheim. Dette vil spare pasientar for reiser til sjukehuset, og bidra til ein meir effektiv utnytting av ressursane. Digitale samhandlingsløysingar vil også kunne gjere det meir effektivt å dele kompetanse mellom medarbeidarar i kommunane og på sjukehuset.

Ein aldrande befolkning og fleire pasientar med samansette sjukdommar vil føre til eit press på helsetenesta som berre kan løysast i fellesskap. Vi må vidareutvikle samarbeidet og organisere tenestene for å sikre pasientane nødvendig diagnostikk og behandling, og gode overgangar mellom sjukehus og kommunehelseteneste. Det ligg moglegheiter i betra bruk av dei samla ressursane og meir bruk av teknologi. Dialog om prioriteringar vil betre føresetnadene for koordinerte og effektive forløp for pasientane vi deler ansvar for.

Samhandlingsreforma har lagt grunnlaget for desentralisering av spesialisthelsetenester. Ei felles lokalisering av spesialisthelsetenester og kommunale tenester i helsehus kan vere eit verkemiddel for å bringe dei spesialiserte tenestene nærmare der pasientane bur. Ambulerande team og tverrfaglege team mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta er andre former for desentralisering. I tillegg er ØH-senger i kommunane eit tilbod som avlastar spesialisthelsetenesta.

For å sikra samanheng i tenesta er det viktig med godt samarbeid frå start av i endringsprosjekt som kan påverke begge partar. Vi har avtalt med kommunane korleis endringar i oppgåvedeling mellom tenestenivåa skal skje. Stikkord er likeverdige partar, dialog om kvarandre sine planar, heilskaplege pasientforløp, kompetanse og økonomi i tråd med forløpa og semje om endring. Etablering av helsefellesskapet i 2022 vil styrke samhandlinga om våre felles utfordringar. 

Haukeland universitetssjukehus er regionsjukehuset i helseregion vest. Vi er det største sjukehuset i regionen og har ei rekke høgspesialiserte funksjonar. For å bruke dei samla ressursane i regionen på ein mest mogleg effektiv måte, er det viktig å ha godt samarbeid med dei andre sjukehusa, avtalespesialistane og private leverandørar av offentlege finansierte helsetenester.

Den medisinske og teknologiske utviklinga tvingar fram ei sentralisering av teknologitunge og høgspesialiserte behandlingar til regionsjukehuset, for eksempel bildestyrte intervensjonar og avansert kreftkirurgi. Samtidig må regionsjukehuset bidra til at meir alminnelege behandling kan skje på lokalsjukehusa for å sikre at det er kompetanse og bemanning i akuttfunksjonane. «Sjukehus i team» beskriv denne måten å samarbeide på. Dei ulike regionale fagnettverka er viktige arenaer i samarbeidet. Dette gjeld ikkje berre sjukehusføretaka i regionen, men også private ideelle aktørar i somatikk, psykisk helsevern og i tverrfagleg spesialisert rusbehandling. For å få til ein mest mogleg effektiv bruk av dei totale helseressursane, vil det vere nødvendig å vidareutvikle og tilpasse funksjonsfordelinga mellom oss.

Eit tettare samarbeid og ressurseffektiv oppgåvedeling mellom sjukehuset og private leverandørar av offentlege helsetenester vil kunne bidra til at vi gjer like prioriteringar. Overbehandling er ei utfordring, og felles protokollar og rettleiarar i heile den offentleg finansierte spesialisthelsetenesta kan bidra til å reduserer dette. Tettare samarbeid med private er  også eit potensial i utdanninga av legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell.

Mange aktørar utanfor helsesektoren er viktige samarbeidspartnarar i arbeidet med å førebygge sjukdom og meistre helsevanskar.

Vaksne kan ha behov for økonomisk stønad og tilrettelegging i arbeidslivet. Deltaking i arbeid er viktig for helsa til den enkelte og kan redusere behov for helsehjelp over tid. Her har nye modeller for samhandling mellom psykisk helsevern og arbeidsretta rehabilitering gjennom NAV gitt gode resultat.

Barn og unge med helsevanskar treng tilrettelegging av skulegang og fritidsaktivitetar gjennom sjukdomsperiodar. Sjukehuset samarbeider med Vestland fylkeskommune om å tilby skulegang for barn og unge med lengre opphald på sjukehuset. I Energisenteret for barn og unge fremmar vi meistring og fellesskap for barn og unge på nye måtar. Dette skjer i samarbeid mellom avdelingane på sjukehuset og idrettsorganisasjonar, Røde kors og fleire av pasientorganisasjonane.

Vi meiner godt arbeid i overgangane mellom sjukehuset og andre tenestetilbydarar er ein viktig del av arbeidet med å førebygge og fremme god helse. Haukeland universitetssjukehus vil derfor vidareutvikle samhandlinga, også med tenester og aktørar utanfor helsesektoren.

Verdsbiletet er usikkert. Når det kjem til beredskap har vi eit formalisert samarbeid med Forsvarets sanitet og gode analyser av risiko- og sårbarheit og regelmessige øvingar er viktig for å betre vår evne til å handtere kriser. 2020 og 2021 viste at ein pandemi kan setje heile samfunnsstrukturen på prøve. I sjukehusa har ein sett at varelager, isolat- og intensivkapasiteten er knappe ressursar, og vi må bygge denne kapasiteten for å handtere framtidige kriser. Vi må vere førebudd på å hjelpe kvarandre for å dekke befolkninga sitt behov når kriser oppstår. Helse Vest aukar merksemda på dette gjennom tiltaket «Betre koordinering av beredskapsaktørane på Vestlandet» i Helse2035.

Sist oppdatert 29.08.2023