URO (Ung Rus Oppdagelse) er eit gratis lågterskeltilbod som skal gjere det enklare for unge mellom 15 og 25 år å kome i kontakt med behandlarar innan rusmedisin i spesialisthelsetenesta.
Snakk med oss i URO-teamet før utfordringane blir for store for deg.
Mykje festing i det siste? Stressar du ned med rus? På tide å snakke om det?
Vi ønskjer kontakt med deg før problema blir store og rusbruken blir for vanskeleg å takle.
Du kan ta direkte kontakt med URO-teamet på telefon, og du treng ikkje tilvising frå fastlege eller NAV for å få ein samtale. Vi jobbar ambulant, som betyr at vi kan møte deg der du føler deg komfortabel og trygg. Første samtale skal skje så fort som mogleg etter kontakt, og helst innan ein til to kvardagar.
Halvtårsrapport fra URO
Årsrapport fra URO 2021Årsrapport fra URO 2022
Kvifor URO?
Vi har etablert URO-teamet fordi undersøkingar har vist oss at dei fleste som blir tilvist til rusbehandling i spesialisthelsetenesta (TSB: Tverrfaglig spesialisert rusbehandling), gjerne skulle fått hjelp tidlegare. Målet med URO er at du som er ung skal få hjelp før utfordringane blir så store at rusbruken blir for vanskeleg å takle.
Kven er vi i URO-teamet?
Vi er helsepersonell med lang erfaring i å hjelpe unge som har det vanskeleg og som bruker alkohol eller andre rusmiddel. Vi ønsker å vere ein du kan stole på, ein som vil forsøke å forstå deg, ein som tar deg på alvor. Vi ønsker også å rettleie deg vidare til den rette hjelpa for deg.
Tilbodet vårt er gratis.
Korleis kjem du i kontakt med oss?
Vi kan kome til deg der du er, eller avtale å møtas tein stad som passar for deg. Du kan også kome til oss, dersom du synest det er best. Du kan ringe eller sende sms til oss på telefon 415 24 141 frå 08:00 til 15:30 alle kvardagar.
Vi kan treffe deg 1-2 dagar etter du har tatt kontakt. Etter vi har møtst og blitt litt kjent, kan du sjølv velje om du vil treffe oss igjen og sjå kva vi kan hjelpe deg med.
I den første telefonsamtalen kan du også få vite meir om korleis vi jobbar. Dersom vi oppfattar at du er i ein situasjon der vi er redde for at det står om liv eller helse, kan vi sjå det som nødvendig å involvere andre. I så fall vil vi snakke med deg om dette.
URO er ikkje eit akuttiltak for øyeblikkeleg hjelp.
Ved behov for øyeblikeleg hjelp må ein kontakte legevaktetenesta. Dersom vi oppfattar at du er i ein situasjon der vi er redde for at det står om liv eller helse, kan vi sjå det som nødvendig å involvere andre. I så fall vil vi snakke med deg om dette.
Til hjelparar og nettverk
URO skal gi lettare og raskare tilgang på hjelp for rusproblem i spesialisthelsetenesta.
Tilbodet gjeld unge i alderen 15-25 år som har det vanskeleg og bruker alkohol og / eller andre rusmiddel. URO-teamet er lett tilgjengeleg på telefon, og det er ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege eller NAV for å få ein samtale. Vi jobbar ambulant, som betyr at vi kan møte dei unge der dei føler seg komfortable og trygge. Første samtale skal skje så fort som mogleg etter kontakt, og helst innan ein til to virkedagar.
Også de som er bekymra for nokon, kan ta kontakt med oss om det er noko de lurer på.
Du kan ringe/eller sende sms til oss på telefon 415 24 141 frå 08:00 til 15:30 alle kvardagar.
Tilbodet er gratis.
Til dei profesjonelle hjelpetenestene:
URO kan bistå med råd og rettleiing i saker med unge pasientar som bruker alkohol og/eller andre rusmiddel.
Den unge må samtykke til at de tar kontakt med oss, viss ikkje må rettleiinga vere anonym.
Den unge må også samtykke til det dersom vi skal ut og snakke med han/henne.
Ein kan ta direkte kontakt med oss utan behov for tilvising, slik at dei unge kan få raskare avklaring og eventuelt vidare hjelp.