Utviklinga i det medisinske tilbodet går langs to dimensjonar: Nye måtar å organisere tilbodet på og utvikling og innovasjon i medisinske metodar og teknologi. Dei to dimensjonane er ikkje uavhengige av kvarandre, og typisk vil endringar i for eksempel metodar opne for nye moglegheiter for organiseringa av tenestene.
Haukeland universitetssjukehus har vedteke ein lokal handlingsplan for kliniske studiar i tråd med Nasjonal handlingsplan for kliniske studiar 2021-2025 (PDF). Vi vil satse vidare på forskingsinfrastruktur, og dei kliniske forskingspostane er sentrale i dette. Intervensjonssenteret tar no form både fysisk og konseptuelt, og skal bli eit solid fundament for innovasjon og utprøving av metodar og teknologi i regionsjukehuset. Ny infrastruktur for presisjonsdiagnostikk ved kreft (InPred) er under oppbygging, og vil vere viktig for rekruttering til framtidige studiar på fagfeltet. Vi vil auke kapasiteten og styrke kompetansen i klinisk forsking i verksemda. Vi vil også forbetre pasientar sine føresetnader for å delta i kliniske studiar gjennom gode system for rekruttering og oppfølging.
Som det nest største universitetssjukehuset i landet og regionsjukehus i Helse Vest, har vi eit stort ansvar i samarbeidet med dei andre sjukehusa i regionen om forsking. Vi vil også vidareutvikle samarbeidet med universiteta og høgskulane, særleg Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Vi samarbeider med fleire kommunar om forsking, innovasjon og utdanning i Alrek Helseklynge. Det ligg potensial i auka kommunesamarbeid også i forskinga.
Ekstern finansiering gjennom Noregs forskingsråd og EU gir moglegheiter til å styrke forsking og innovasjon som utviklar tilbodet til våre pasientar. Nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid der vi delar vår spisskompetanse gir tilgang på kompetanse, data og infrastruktur som vidareutviklar forskingsmiljøa våre. Tettare band med internasjonale partnarar gir moglegheiter for utanlandsopphald for våre tilsette og opnar for rekruttering av ekspertar til sjukehuset.
Det er eit stort potensial i samarbeidet mellom næringslivet om forsking og innovasjon på sjukehuset. Dette gjeld blant anna legemiddel, medisinsk teknologi og tenesteinnovasjon. Samarbeidet med Vestlandets Innovasjonsselskap (VIS) er sentralt for å sikre sjukehuset gode partnarar i norsk og internasjonalt næringsliv. På innovasjonssida er det også store moglegheiter i bruken av innovative anskaffingar, der næringslivet blir nytta i utviklings- og testfasen av nye løysingar som blir vurdert for innkjøp.
Framover vil vi satse vidare på fagfelta der vi i dag har nasjonal eller internasjonal spisskompetanse. Erfaringar frå desse satsingane kan gi grunnlag for innovasjon og utvikling i andre fagfelt og for andre pasientgrupper, lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Eksempel på sterke nasjonale kliniske forskingsmiljø er Senter for forskningsdrevet behandling - Neuro-SysMed og Mohn senter for medisinsk visualisering. Her drar vi også nytte av samarbeidet med eit godt fagmiljø på Haraldsplass Diakonale Sykehus. Eit nytt Mohn forskningssenter for regenerativ medisin er også etablert. I psykisk helsevern er det fleire robuste og innovative miljø med internasjonalt potensial. I spissen står miljøa bak Senter for forskningsdrevet innovasjon - ForHelse som ligg i front på digitale helsetenester.