Senteret skal styrka kompetanse og forsking knytt til dei allereie store utstyrsinvesteringane frå Bergens forskningsstiftelse, slik som høgfelts magnettomografi (MRI), klinisk og preklinisk positronemisjonstomografi (PET) og computer tomografi (CT). Med vekt på å knyta realfagleg kompetanse i senteret er det overordna, langsiktige målet å oppnå fagleg eksellense innanfor retningane imaging (fysikk, kjemi, radiologi, radiografi), visualisering (informatikk, matematikk) og klinisk forsking (inklusive in vivo basalforsking og preklinisk validering).
Den faglege målsetjinga til senteret er å forska på nye metodar innan kvantitativ avbilding og interaktiv visualisering for å varsla endringar hjå friske og sjuke menneske.
Forskingsmetodane vil ha ei særleg vekt på vevseigenskapar (features)
Feature detection – Feature extraction – Feature prediction
Eit klart mål er å nytta metodane på bilete frå viktige og aktuelle pasientgrupper og innan basalforsking, og om mogleg studere desse over tid. Det er ynskjeleg å samla medisinske bilete med all anna informasjon, til dømes frå genetikk, klinikk og registre for å få auka innsyn.
Avansert visualisering vil vera eit naturleg og viktig bidrag til å løfte kvar av desse metodane. Det vil gjere det mogleg å få auka innsikt i desse data, korleis dei endrar seg og korleis menneske oppfattar dei. Det vil opna for heilt nye høve til å integrera data med ulik skalering, noko som har vore ei klar hindring i feltet til no.
Nyheiter
- 26. april 2018Teknisk ukeblad: Nytt norsk senter lærer datamaskiner å stille diagnose på sekunder
"Skal trene maskiner til å vurdere medisinske bilder". Les Teksnisk ukebald sin sak.
- 12. desember 2017Opna nytt forskingssenter
Måndag var det offisiell opning av Senter for medisinsk visualisering på Haukeland, frå no av Mohn Medical Imaging and Visualization Centre.
- 10. mars 2017Stor interesse for prosjektmidler tilknyttet Senter for medisinsk visualisering
Hele 25 tverrfaglige prosjektskisser ble meldt inn innen fristen for innsendelse av prekvalifiseringssøknader til det nye Senter for medisinsk visualisering. Tematisk spenner søknadene bredt, fra basal detektorutvikling til kliniske multisenterstudier.