Areal og organisasjonsutvikling for framtida
Haukeland universitetssjukehus investerer for om lag ein milliard kronar i året i arealutvikling. Til saman har vi nærmare ein halv million kvadratmeter bygningsmasse.
Arealutvikling i Haukeland universitetssjukehus er basert på ein kombinasjon av å bygge nytt og å bygge om eksisterande bygningsmasse. Gjenbruk av eksisterande bygg er positivt i eit miljøperspektiv med auka fokus på sirkulærøkonomi.
Vi vil i endå større grad sjå organisasjons- og arealutvikling i samanheng: I heile sjukehuset legger vi til grunn utvida driftstid, sambruk av areal og bruk av digitale og teknologiske løysingar når vi skal planlegge nytt areal for å handtere aktivitetsveksten. Det kliniske tilbodet, arbeidsprosessar og pasientforløp vil vere grunnlaget for all arealutvikling.
Det er venta stor vekst i poliklinikk og dagbehandling i åra framover og vi må auke tilgjengeleg areal for denne verksemda. Arealbehova er påverka av opningstid og talet på driftsdagar gjennom året. Det er stor forskjell i behovet for tal poliklinikkrom om romma er i bruk 6, 8 eller 10 timar i løpet av dagen, jf. figur 8 under.
Nokre poliklinikkar løyser arealutfordringa med å utvide opningstida til kl. 17 og 18 fleire dagar i veka (for eksempel Kreftavdelinga, Hjarteavdelinga). Dette er også ein moglegheit i andre poliklinikkar både for å auke tilgjengelegheita for pasientar og for å redusere ventetid. Utvida opningstid kan løysast med fleksibel start- og sluttid på arbeidsdagen for medarbeidarar i poliklinikk. Vi veit også at nokre pasientgrupper, for eksempel ungdomar med langvarig sjukdom, etterspør opningstider som gjer at dei kan kombinere det å ta i vare eiga helse og samtidig gå på skule.
Gjennomgangar viser at vi har potensial for betre utnytting av romma i poliklinikkane, både kor mykje dei er i bruk og korleis vi delar på romma. Jamnare aktivitet gjennom heile veka og meir sambruk av poliklinikkareal på tvers av faga vil bidra til betre bruk av poliklinikkareala enn det vi har i dag. Det er behov for IKT-system som gjer det enkelt å dele på romma. Areala må også bli utforma og utstyrt for fleksibel bruk.
Under covid19-pandemien auka bruken av telefon- og videokonsultasjonar, og fleire einingar særleg i psykisk helsevern og rusbehandling har framleis høg bruk av digitale konsultasjonar. Digitale skjema, andre formar for digital asynkron dialog og datafangst frå medisinsk teknisk utstyr har antakeleg eit endå større potensial i poliklinikkane enn telefon- og videokonsultasjonar. Pasientane vil velje digitale moglegheiter for å unngå unødige reiser og tapt arbeids- og skuletid. For sjukehusa reduserer digitale konsultasjonar arealbehova og kan også auke talet på konsultasjonar.
Teknologi flyttar spesialisthelsetenesta heim til pasientane, mens lokalmedisinske sentre kan flytte spesialisthelsetenester nærmare pasientane sin bustad. Dette er også ein ønska politikk. Den polikliniske aktiviteten som blir igjen i sjukehusa vil i større grad vere konsultasjonar som treng ei eller anna form for intervensjon eller avansert utstyr.
Dreiinga frå døgn til dag tilseier at studentar må få meir av undervisninga si i poliklinikkane. Dette legg føringar for kapasitet, størrelse på romma og korleis dei blir innretta.
Utfordringa med tilgang til personell vil påverke heile sjukehuset og sjukepleiarmangelen vil særleg utfordre sengepostane. Vi må derfor sjå etter moglegheiter i andre måtar å organisere sengepostarbeid på og basere oss på fleire typar kompetanse for å løyse oppgåvene. Det ligg eit potensial i å endre rutinar for å sikre at pasientar ikkje blir liggande på sjukehuset lenger enn nødvendig. Samtidig veit vi at eldre pasientar kanskje vil trenge lenger liggetid for å få nyttig utgreiing og behandling. Vi må sjå på moglegheitene for å auke bruken av pasienthotellet og vidareutvikle samhandlinga med kommunane om god bruk av døgnplasstilboda i helsehusa.
Det er nødvendig å sikre rett dimensjonering av sengepostane framover. Både for få og for mange senger inneber risiko. I løpet av 2022 vil vi ha meir kunnskap om sengebehovet i føretaket, blant anna på grunnlag av koronakommisjonens rapport, rapport frå interregional arbeidsgruppe for intensivkapasitet, ny nasjonal framskriving for somatisk sektor og eit internt arbeid for å førebu ombygging av sengeetasjane i Sentralblokka.
Det vi veit allereie er at dei kliniske avdelingane har behov for anna type sengeareal. Det er planar om å redusere rom med fleire senger og bygge fleire einerom og isolat i sjukehuset. Covid-19 pandemien viste at det er behov for sengeareal som kombinerer einerom og fleirsengrom som gjer det mogleg å samle pasientar i kohort og overvake fleire samtidig. Overvakings- og intensivsenger er kompetanse- og bemanningstunge einingar. I styrkinga av kapasiteten må vi framover bruke fleire typar kompetanse enn sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar for å handtere oppgåvene. Det er også nødvendig å tenke nytt rundt kompetansesamansetninga på dei ordinære sengepostane.
I framskrivingane i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling er det lagt inn føresetnader om digitalisering av tenester, auke i ambulante og dreiing frå døgn til dag. Det er lite potensial igjen i omstilling frå døgn til dag/poliklinikk i psykisk helsevern sidan det gjennom fleire år har vore ein gradvis reduksjon i talet på senger. No gjeld det å sikre ein rimeleg og meir stabil beleggsituasjon og legge til rette for fleksibilitet i plassutnyttinga. For sikringspsykiatrien er det gjort ein eigen regional vurdering i Helse Vest og det er anbefalt ein auke i lokale sikringsplassar og regionale skjermingsplassar.
Vi veit at det vil komme ein sentralisering av kirurgien framover, både av kreftkirurgien og andre tilstandar. I arealdelplanen er det planlagt å forbetre og auke operasjonskapasiteten gjennom fleire initiativ i åra framover. I 2030 vil vi ha 8 fleire operasjonsstover enn vi har i 2021. Vi vil også ha auka kapasiteten og kvaliteten på dei stovene vi har i dag gjennom modernisering av dei. Det vil også komme ein auke i postoperativ kapasitet, i talet på intensivplassar og ei forbetring og automatisering av sterilforsyninga til operasjonsverksemda. Det skjer stor utvikling i dei kirurgiske faga og det er venta at robotteknologi vil bli tatt i bruk i fleire fag. Når intervensjonssenteret blir tatt i bruk vil det vere eit kraftsenter for innovasjon i fleire fag, også dei kirurgiske.
Prioritering av rett ressursbruk til dei rette pasientane blir viktigare i åra som kjem. Utviklinga aukar behovet og moglegheitene i det kirurgiske tilbodet, og då blir prioritering både på systemnivå og i det daglege viktig. Analyser og samanlikningar av variasjon mellom sjukehus vil vere nyttig. Når det gjeld personell blir det viktig å få til ein meir fleksibel personellmiks på operasjonsstovene, all den tid vi veit at vi vil mangle sjukepleiarar framover. Dette er eit arbeid som må gjerast i samarbeid med dei ulike fagforeiningane.
Figur 9 viser når det var pasientar på operasjonsstovene og på postoperativ mellom klokken 7 og 19 i 2021. Vi har høgast aktivitet rundt klokken 10, og reduserer aktiviteten på operasjonsstovene frå klokken 13 (oransje linje). På postoperativ er det høgast aktivitet klokken 15.30. Det vil bety mykje for tilgjengeleg operasjonskapasitet om vi greier tidlegare oppstart og å forskyve nedtrappinga med ein time eller to.
Leiarar, tillitsvalte og vernetenesta må saman vidareutvikle rammene om arbeidsplanane for å få til dette. Fleksibel bruk av operasjonsstovene kan også betre bruken av den samla kapasiteten, og ny sterilforsyning er venta å forbetre logistikken og auke sambruken av kirurgisk utstyr mellom operasjonseiningar.
Radiologi bidrar med diagnostiske avklaringar og er avgjerande for å gi spesialisthelsetenester av høg kvalitet til pasientane våre. Radiologisk avdeling har høg aktivitet, og gjennomførte i 2021 rundt 200 000 bildediagnostiske undersøkingar. Både Hjarteavdelinga og Kreftavdelinga har sterke fagmiljø på CT og MR, og fleire andre avdelingar driv også bildediagnostikk. Særleg ultralydundersøkingar skjer ved pasientane si seng og i poliklinikkane, og mange legespesialitetar har no læringsmål knytt til tolking av bildediagnostikk i si utdanning.
I Radiologisk avdeling har sjukehuset sterke og innovative fagmiljø på bildediagnostikk og avdelinga er ein viktig partnar i satsinga som skjer på bildestyrt intervensjon og invasiv kirurgi i dei medisinske og kirurgiske fagmiljøa. Dette er fortrinn som vi bør styre godt i den vidare utviklinga.
Dei private aktørane utfører ein god del av dei radiologiske undersøkingane sjukehuset treng, rundt 40 prosent av MR-undersøkingane. Det er eit strategisk spørsmål om Haukeland universitetssjukehus skal vere meir sjølvforsynt innan radiologiske undersøkingar, utstyr og kompetanse for å kunne gi eit komplett avansert tilbod i klinisk medisin for framtida. For å møte det aukande behovet ligg det moglegheiter i felles granskingssentralar på tvers av fagområde, lokalt, regionalt og med samordning av vaktordningar. Felles regional systemløysing for bildediagnostikken legg til rette for dette. Også kunstig intelligens kan gi moglegheiter i den vidare utviklinga av bildediagnostikken.
Sjukehuset må sjå den samla radiologiske kapasiteten i opptaksområdet under eitt, både mellom oss og dei private og ideelle, inkludert samarbeidet med Haraldsplass Diakonale Sykehus. Vala vi gjer har konsekvensar for både utstyr, personell og kompetanse. Vi må også stille tydelege krav til tenestene vi kjøper frå dei private røntgeninstitutta.
Laboratorieklinikken tilbyr laboratorietenester av høg kvalitet for spesialist- og primærhelseteneste, og bidrar til utvikling av laboratoriemedisinen nasjonalt og internasjonalt. Klinikken har fleire leiande fagmiljø og driv blant anna fleire store forskingsprosjekt på antibiotikaresistens og har ei viktig rolle i den nasjonale satsinga på presisjonsdiagnostikk.
Aktiviteten i Laboratorieklinikken veks årleg, ei auke som i stor grad har vore handtert gjennom automatisering. Det er i hovudsak tre utviklingstrekk som vil påverke laboratorietenestene framover:
- Meir automatisering ved bruk av tilgjengeleg teknologi
- Meir pasientnær analysering, pasientane overvaker og følger opp sjølv
- Auka bruk av presisjonsmedisin gir behov for ny avansert diagnostikk
For å utnytte automatiseringspotensialet vil det bli viktig å organisere drift av automasjonsløysingar i større einingar, som analysehall. På den måten vil ein kunne handtere store prøvevolum og aktivitetsauke utan tilførsel av ekstra personellressursar, ein kan utnytte stordriftsfordelar for areal og leverandøravtalar, og sikre raske prøvesvar gjennom effektiv drift.
Aktiviteten innan patologi har også auka betydeleg dei siste åra. Frå 2022 vil Haukeland universitetssjukehus ta i bruk digital patologi. Dette vil bidra til å handtere auka aktivitet i patologifaget, og gi betre samhandling mellom patologiavdelingar, regionalt og nasjonalt. Faget vil bli meir standardisert og automatisert bildeanalyse vil etter kvart bli mogeleg ved hjelp av kunstig intelligens.
Presisjonsmedisin vil bli utvikla i fleire trinn. Nytteverdien i første del av perioden er knytt til DNA-basert diagnostikk. Seinare vil anna laboratorieteknologi og kombinasjonar av biomarkørar i blod og DNA-diagnostikk få ein større plass i diagnostikk, vurdering av prognose og oppfølging av behandlingsrespons. Seksjon for kreftgenomikk er oppretta i Laboratorieklinikken som del av oppbygginga av presisjonsdiagnostikk.
I eit sjukehus som får fleire medarbeidarar aukar også behovet for kontorarbeidsplassar. Det er primært legar, psykologar, forskarar og administrativt tilsette som treng kontorarbeidsplassar. Sidan 2010 har vi fått om lag 1100 fleire medarbeidarar i dei tre første kategoriane, og nesten 150 fleire administrativt tilsette. (26)
Policy for kontorarbeidsplassar ved Haukeland universitetssjukehus (27) legg føring om at kontorarbeidsplassar skal vere tilrettelagt for at medarbeidarane har gode arbeidsforhold og at fleire kan bruke plassen. Vi skal også prioritere kontorarbeidsplassar nær dei kliniske funksjonane til dei medarbeidarane som jobbar direkte i pasientbehandlinga. Andre leiarar og medarbeidarar får som hovudregel kontor utanfor kliniske areal. Det er under planlegging eit nytt bygg som skal handtere kontorbehovet og legge til rette for at meir areal i Sentralblokka kan bli brukt til kliniske verksemd. Vi vil realisere ambisjonane i policy for kontorarbeidsplassar å ikkje bruke meir pengar på kontorareal enn det som er planlagd.