Vi vil jobbe for å behalde dei tilsette i sjukehuset, og legge til rette for at dei kan stå lengre i arbeid. Berekraftige arbeidsplanar basert på heile, faste stillingar, dimensjonert for forventa fråvær og med helsefremmande vaktplanar er ein nøkkel. Fleksibilitet gjennom livsfase- og seniorpolitikk er også eit viktig verkemiddel. Det er potensial i å inkludere fleire arbeidstakarar og redusere sjukefråværet.
Medarbeidarar som er trygge på eiga kompetanse bidrar til gode pasientforløp og godt arbeidsmiljø. Skal vi behalde medarbeidarar og sikre god pasientbehandling, vil vi tilby god introduksjon til arbeidsoppgåvene, livslang læring og fleire moglegheiter for kompetanseutvikling. Når medarbeidarar får utvikle seg, bruke kompetansen sin og trivst i arbeidet, vil dei i mindre grad søke seg til anna arbeid eller velje tidleg pensjon. Lærlingar, opplærings- og traineeløysingar og utdanningsstillingar med bindingstid vil bidra til at vi får og kan behalde gode fagfolk, og vi kan utvide bruken av dette.
Tilgang til personell er viktig for både kommune- og spesialisthelsetenesta og vi må samarbeide for å løyse den aukande utfordringa det er å få tak i kvalifisert personell. Vi kan sjå nærmare på oppgåvedeling, og prøve ut nye måtar å organisere arbeidet, for eksempel at personell i sjukehuset jobbar deler av stillinga si på oppdrag frå kommunen og omvendt.
Vi skal framleis samarbeide tett med utdanningsfeltet for å gi relevante og framtidsretta utdanningstilbod til medarbeidarane. Det vil bli fleire praksisplassar når større delar av året og fleire arenaer blir tatt i bruk for studentar i ulike profesjonar og fag. Samarbeid om praksis med kommunane, dei private samarbeidspartnarane og andre sjukehus er aktuelt for mange av utdanningane.
Det er heilt sentralt å sjå kompetansebehova i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta i samanheng, både om vi skal klare å dekke behova, og om vi skal få til betre samanheng i tenestene til pasientane. Utvida, strategisk samarbeid med kommunar og andre sjukehus heller enn konkurranse, må ligge til grunn dersom ein skal kunne løyse ein situasjon med knappe personellressursar framover.