Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Mitt Haukeland. Foto.

Om oss

Haukeland universitetssjukehus har over 14.000 dyktige medarbeidarar som kvar dag jobbar for at pasientane skal få spesialisthelsetenester med god kvalitet når dei treng det. Vi arbeider for pasienttryggleik, vi legg til rette for gode arbeidsmiljø og vi forbetrar tilbodet vår slik at vi bruker ressursane på best mogleg måte. Slik vidareutviklar vi tenestene til det beste for pasientar og samfunnet.

Kontakt oss

Utviklingsplan 2022-2035

Utviklingsplan 2022-2035 peikar retning og viser kva vi må gjere for å dekke befolkninga sitt behov for spesialisthelsetenester framover.
Les meir om sjukehusets utviklingsplan
KSK_intensiv_kohortisolering_intensivsjukepleiar_ta_vare_2.jpg

Samfunnsansvar i sjukehuset

FN sine berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringar innan 2030. Det er til saman 17 mål innanfor kategoriane klima og miljø, økonomiske og sosiale forhold.

Les meir om samfunnsansvar
Logo FNs bærekraftsmål

Helse Vest er avhengig av tillit og eit positivt omdømme for å kunne yte den gode helsetenesta vi ønskjer å tilby. Etisk kvalitet på tenesteyting og forvalting er ein føresetnad for denne tilliten.

Les meir på Helse Vest sine sider

Haukeland universitetssjukehus mottar gåver og donasjoner frå privatpersoner, foreninger og andre. Her finn du informasjon dersom du ønsker å gje ei gåve, og eksempler på kva støtta har bidratt til.

Gåver og donasjonar

Mange er dei som gjennom åra har hatt sitt daglege arbeid ved Haukeland, har fått behandling på sjukehuset, har fødd her, vore på besøk her - eller som berre veit at sjukehuset er der om dei treng det. Alle desse kan med rette tenkje på sjukehuset som ”sitt Haukeland”.

Haukelands historie

FN sine berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringar innan 2030. Det er til saman 17 mål innanfor kategoriane klima og miljø, økonomiske og sosiale forhold. 

Les meir om samfunnsansvar i sjukehuset

Dei nasjonale klima- og miljømåla for spesialisthelsetenesta er ambisiøse og skal vere integrert i Haukeland universitetssjukehus si verksemd. Utviklingsplan 2022-2035 er det overordna strategiske dokumentet for Haukeland universitetssjukehus. Eit av måla i utviklingsplanen er det nasjonale klima- og miljømålet for spesialisthelsetenesta: CO2-utslippa våre er redusert med 40 prosent innan 2030 og vi har tiltak som gjer oss klimanøytrale innan 2045

Dette målet tar for seg fleire av dei 17 berekraftsmåla til FN.

Les meir om måla i sjukehuset sin utviklingsplan

Helsemyndigheitene ønsker at pasientar, pårørande og publikum skal få betre kunnskap om kvaliteten på behandlinga i helsetenesta. Derfor kan alle innbyggjarane i Norge gå til kvalitetsindikatorane på www.helsenorge.no for å finne ut meir om kvaliteten på sjukehusa i landet.
Openheit om kvalitetsindikatorane er viktig for både pasientar, helsetenesta og helsemyndigheitene. Det er viktig at pasientane har informasjon om kvaliteten i tenesta og at helsetenesta bruker dette i sitt forbedringsarbeid.

Når det gjeld kvalitetsindikatorane så blir kvalitet på tenestene definert som tenester som er:

  • Virkningsfulle
  • Trygge og sikre
  • Involverer brukar
  • Samordna og prega av kontinuitet
  • Utnyttar ressursar
  • Tilgjengelege og rettferdig fordelt
Kor finn eg kvalitetsidikatorane?
Du finn oversikta over alle kvalitetsindikatorane for Haukeland universitetssjukehus og alle andre sjukehus på Helsedirektoratet.no og på helsenorge.no. Her kan du samanlikne sjukehus mot sjukehus og regionar mot regionar. Du kan finne konkrete tal og lage tabellar og diagram som gjer tale lettare å forstå.  Resultata blir oppdaterte jamnleg.

 
Kva er ein kvalitetsindikator?
Ein kvalitetsindikator er eit indirekte mål, ein peikepinn, som seier noko om kvaliteten på det som blir målt.  Kvalitetsindikatorane kan for eksempel måle helsetenesta sine tilgjengelege ressursar, pasientforløpet og resultatet av helsetenestene for pasientane. Kvalitetsindikatorane  bør sjåast i sammanheng og kan samla gi eit bilde av kvaliteten i tenestena.

 
Tolk med varsomheit
Tolkinga av kvalitetsindikatorane  kan vere komplisert. For eksempel kan det sjå ut som om ein behandlingsstad med høg dødelighet blant pasientane har dårleg behandlingskvalitet, mens det faktisk kan være heilt motsett. Ein årsak kan vere at denne behandlingsstadent kan ha den beste kompetansen, slik at dei andre behandlingsstadene dirfor henviser dei sjukaste pasientane dit.

Når ein tolkar tala er det difor viktig å hugse at behandlingsstadene har ulik kompetanse på forskjellige områder, og at dette ofte avgjer kvar pasientane blir behandla.

2023

  • Om lag 1 000 000 pasientmøte. Dette omfattar innleggingar og polikliniske  konsultasjonar i somatikk, psykisk helsevern og rus. Radiologiske undersøkingar er ikkje inkludert.
  • 4248 fødslar
  • 32 000 operasjonar utført
  • 72 000 døgnopphald
  • 26 000 dagopphald
  • 12,5 millionar laboratorieanalysar

2024

  • Driftsbudsjett på om lag 16 milliardar kroner
  • Driftskost per time 1,8 millionar kroner
  • Investeringsbudsjett på kr
    1 130 millionar kroner til nytt medisinsk utstyr og nye bygg
  • 205 ulike yrkesgrupper

Noreg er delt i fire helseregionar. I kvar av dei har eit regionalt helseføretak ansvar for at befolkninga blir tilbydd spesialiserte helsetenester. Staten eig dei regionale helseføretaka. Helse Bergen HF er eitt av fem lokale helseføretak på Vestlandet som er eigd av det regionale føretaket Helse Vest RHF.

Helse Bergen HF er den juridiske overbygninga. All aktivitet i dei ulike einingane ligg i Haukeland universitetssjukehus. Vi har fire primære ansvarsområde: Pasientbehandling, forsking, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande.

Kontaktinformasjon og adressar

 

Kart over samarbeidskommunene i Helse Bergen fra Gulen i nord til Austevoll i sør.
Kart over opptaksområdet til Helse Bergen

 

18 kommunar høyrer til i Helse Bergen sitt føretaksområde. 
Kommune, tal på innbyggjarar per 01.01.2021

Alver 29 337
Askøy  29 553
Austevoll  5276
Austrheim  2860 
Bergen  285 601 
Bjørnafjorden  25 049
Eidfjord  903
Fedje  525 
Gulen  2272
Kvam  8461 
Masfjorden 1660
Modalen  376
Osterøy  8080 
Samnanger  2504
Ulvik  1061
Vaksdal  3918 
Voss  15 787 
Øygarden  38 664

Her finn du oversikt over alle dei 28 overordna divisjonane, klinikkane og avdelingane på Haukeland universitetssjukehus.

Organisasjonskart

Over 13 000 tilsette som kvar dag har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre:

  • 1700 legar
  • 4200 sjukepleiarar
  • 425 psykologar
  • 1550 drift/teknisk personell
  • 74 prosent kvinner, 26 prosent menn
  • Gjennomsnittsalder er 42,3 år

Visjonen vår

"Fremje helse og livskvalitet i vest"

Verdiane våre

  • Respekt i møte med pasienten
  • Kvalitet i prosess og resultat
  • Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg

Måla våre

  • Trygge og nære helsetenester
  • Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk
  • Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon

Oppdraget vårt

  • Pasientbehandling
  • Utdanning av helsepersonell
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Forskning

Vi bygger nytt sjukehus

I løpet av dei neste ti åra skal vi investere om lag åtte milliardar kroner i nybygg og ombyggingar. Les meir om byggeprosjekta,
Les meir
Interiør Lab-bygget på Haukeland. Foto
Sist oppdatert 24.07.2024