Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fagråd for lindrande behandling

Fagråd for lindrande behandling skal arbeide for å iverksette strategien for lindrande behandling av pasientar ved Haukeland universitetssjukehus. Rådet vart oppretta våren 2017.

Haukeland universitetssjukehus har som målsetting at pasientar med alvorleg, uhelbredeleg sjukdom får helsetenester av god kvalitet, slik at palliative pasientar kan fullføre liva sine med så god livskvalitet som mogleg.

Bakgrunn

For å nå denne målsettinga oppretta leiinga ved Haukeland universitetssjukehus våren 2015 ei arbeidsgruppe for å utarbeide ein strategi for lindrande behandling i sjukehuset. Rapporten frå gruppas arbeid blei godkjent i føretaksleiinga i juni 2016. Føretaksleiinga bestemte at det skulle opprettast eit fagråd for lindrande behandling. 

Strategi for lindrande behandling
Fagrådet skal bidra til at tiltaka i rapporten vert implementerte ved at dei avdelingane som har palliative pasientar set i verk nødvendige tiltak for å betre kvaliteten på tenestetilbodet til denne pasientgruppa.

Det er ei føresetnad at fagrådet samarbeider tett med avdelingsleiinga ved dei aktuelle avdelingane ved arbeidet med å sette i verk tiltaka. Vidare har rådet eit særleg ansvar for å følgje opp dei anbefalingane til tiltak som gjeld heile sjukehuset. Utgangspunktet for rådet sitt arbeid er rapporten «Strategi for lindrande behandling av pasientar ved Haukeland universitetssjukehus».

Organisering

Rådet er underlagt administrerande direktør. Leiar av fagrådet rapporterer til fagdirektør. Det skal utarbeidast ein årleg rapport for fagrådet sin aktivitet og det skal haldast minst fire faste årlege møter. Forskings- og utviklingsavdelinga eller Føretakssekretariatet innehar sekretariatsfunksjonen.

Oppgåver

  • Utvikle eit verktøy/spørjeskjema for å kartlegge kva tiltak i rapporten det er nødvendig å setje i verk i dei einskilde avdelingane for å sikre at dei palliative pasientane får behandling av god kvalitet.
  • Bidra til at avdelingane lager ein tiltaksplan om kva tiltak som skal setjast i verk til kva tid, etter at kartlegginga er gjennomført.
  • Utvikle/velje ut eit sett med indikatorar for å måle kvaliteten ved det palliative tilbodet på Haukeland universitetssjukehus. Settet bør innehalde både struktur-, prosess- og resultatindikatorar, med hovudvekt på den pasientopplevde kvaliteten.
  • Følgje opp resultatet frå kvalitetsmålingane
  • Ha ei oppdatert oversikt over kva opplæringstiltak som finnest på Haukeland universitetssjukehus og som kan nyttast for å auke kvaliteten på det palliative tenestetilbodet, og eventuelt foreslå nye eller samordna opplæringstiltak.
  • Følgje opp dei anbefalingane som gjeld heile sjukehuset og ikkje er forankra i ei einskild avdeling. Ha oversikt over og vurdere behov for rutinar og tiltak på institusjonsnivå.
  • Lage ein plan for evaluering ved slutten av strategiperioden og eventuelt undervegs.

Samansetnad

John-Helge Heimdal, leiar av fagrådet
Sidsel Kvassheim, brukarrepresentant
Marte Pauline Skagseth, Palliativt team
Margrethe Schaufel, overlege Lungeavdelinga
Dagny Faksvåg Haugen, leiar regionalt senter for lindrande behandling
Arnhild Lundekvam, kreftsjukepleiar Kreftavdelinga
Ina Kobbeltvedt Endregaard, avd.spl. Hematologisk seksjon, Medisinsk klinikk
Nina Christing Næsheim
Bhaumikkumar Kiritkumar Thakkar​​
Ingrid Johanne Garnes
Geir Andvik

Sist oppdatert 26.08.2023