Strategi for lindrande behandling
Målet med å utarbeide ein strategi for lindrande behandling ved Haukeland universitetssjukehus er å betre tenestetilbodet til pasientar som har alvorleg, uhelbredeleg sjukdom.
Dette er ei av dei mest sårbare gruppene helsevesenet tar hand om, og krev derfor ekstra merksemd og kompetanse. Ein slik strategi er også meint å hjelpe og trygge dei tilsette i ivaretakinga av desse pasientane.
Strategien vart vedtatt sommaren 2016.
Last ned strategien for lindrande behandling
Lindrande behandling handlar om å dekke behova uhelbredeleg sjuke har for heilskapleg symptomlindring, tryggleik, tilrettelegging, pleie og omsorg. For å oppnå dette er det viktig at den palliative tilnærminga startar tidleg og har fokus på samarbeid mellom avdelingar i sjukehus og mellom tenestenivå gjennom heile pasientforløpet.
Ei overordna målsetjing er at pasientar skal ha så god livskvalitet som mogleg også med livstruande sjukdom. Dette inneber å unngå unyttig og potensielt belastande behandling. At pasientar kan vere lengre periodar heime med betre livskvalitet som følgje av palliativ behandling, er ein viktig indikator på at sjukehuset leverer helsetenester av god kvalitet.
Våre hovudmål
- at pasientar til ei kvar tid har tilgang til nødvendig kompetanse i forhold til behova sine
- at behandlinga er prega av kontinuitet med trygge overgangar
- at organiseringa av tilbodet tar i vare pasienten sitt grunnleggande behov for tryggleik og verdigheit
- at den palliative behandlinga blir gitt så nær heimen til pasienten som mogleg
Det er utarbeidd tiltak for å nå desse måla, som ein meiner samla vil medverke til at dei palliative pasientane blir betre ivaretatt både som inneliggande, ved poliklinisk behandling og i samhandlinga med fastlege og det kommunale helsetilbodet. Prosessane bør skje parallelt og tiltaka er derfor ikkje setje opp i prioritert rekkefølgje.
Fagråd for lindrande behandling
Det er oppretta eit Fagråd for palliasjon som koordinerer vidare arbeid med å konkretisere strategien ved dei aktuelle avdelingane og utarbeide handlingsplan i tett samarbeid med avdelingsleiingane.
Fagrådet utarbeider indikatorar for å måle kvaliteten på det palliative tilbodet ved sjukehuset, til hjelp i implementeringsprosessen og avdelingane si evaluering av tiltaka.
Tiltak i strategien
Tiltaka blir utdjupa og grunngjevne i det siste kapittelet i rapporten.