Haukelands historie
Mange er dei som gjennom åra har hatt sitt daglege arbeid ved Haukeland, har fått behandling på sjukehuset, har fødd her, vore på besøk her - eller som berre veit at sjukehuset er der om dei treng det. Alle desse kan med rette tenkje på sjukehuset som ”sitt Haukeland”.
Vi tar dagens avanserte sjukehustilbod for gitt, men dette er resultatet av eit formidabelt arbeid som tilsette på sjukehuset har bidrege med gjennom desse hundre åra. Vi kan enno gå i dei same gangane som dei første pasientane gjorde i 1912, vi har hundre år gamle bygningar som enno er i dagleg bruk. Men det har vore ei kolossal utvikling, innhaldet i bygningane er noko heilt anna enn det var i januar 1912.
Sjukehuset er bygd på området til gamle Haukeland gard. Her har forskarar kjempa for å finne medisin mot farlege infeksjonssjukdomar, her blei Noregs første treårige utdanning for sjukepleiarar oppretta. Dag for dag gjennom 100 år, har tilsette gitt sitt bidrag til det sjukehuset vi har i dag.
Vi er stolte over sjukehuset vårt, og vi ønskjer å arbeide på ein slik måte at alle kan vere trygge på at dei får den hjelpa dei treng. Pasientsikkerheit er ei av fanesakene våre, dette er viktig for å sikre at pasientane får god behandling.
Sist oppdatert 30.05.2022