Pasienten sine behov i sentrum
Haukeland universitetssjukehus har dyktige medarbeidarar som kvar dag jobbar for at pasientane skal få spesialisthelsetenester med god kvalitet når dei treng det. Vi arbeider for pasienttryggleik, vi legg til rette for gode arbeidsmiljø og vi forbetrar tilbodet vårt slik at vi bruker ressursane på best mogleg måte. Slik vidareutviklar vi tenestene til det beste for pasientar og samfunnet, og vi tar vår del av ansvaret for å nå FN sine berekraftsmål.

Førebygge, forbetre og prioritere
Dersom Haukeland universitetssjukehus skal vere i fremste rekke i pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande, må vi
førebygge, forbetre og prioritere. Dette må vi gjere i ein situasjon der behovet for helsetenester aukar, ressursane blir knappare og vi får redusert tilgang til kompetent personell.
Overordna mål
Utviklingsarbeid krev tolmod. Vi har tru på at ein langsiktig, heilskapleg plan hjelper oss fram mot det overordna målet: At vi også i 2035 skal ha dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar som saman med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar utviklar sjukehuset slik at vi leverer helsetenester av god kvalitet til dei som treng det.
Gjennom styringa av verksemda veit vi om vi er på rett veg
For å vite om vi er på rett veg må vi styre aktiviteten og evaluere kva resultat innsatsen gir. Det er ei utfordring å finne indikatorar som dekker heile den komplekse verksemda vi driv og som beskriv kvaliteten på tenestene på ein god måte. Tenester av god kvalitet betyr at dei er verknadsfulle, trygge og sikre, involverer pasientane, er samordna, utnyttar ressursane godt, er tilgjengelege og rettferdig fordelte.
(1)
Kva indikatorar vi styrer verksemda etter vil endre seg over tid, og vi skal bruke eksisterande rapportar og målingar for å vurdere om vi er på rett veg i høve til utviklingsplanen. (2) For fleire av måla vil det òg vere behov for å gjere kvalitative vurderingar.