Utvikling som påverkar oss og behova vi skal dekke
I åra som kjem vil spesialisthelsetenesta saman med kommunane handtere ei aldrande befolkning og ei sjukdomsutvikling prega av auke i samansette sjukdommar. Tilstrekkeleg tilgang på helsepersonell med rett kompetanse vil vere den største utfordringa, både for spesialisthelsetenesta og kommunane. Teknologiske løysingar må erstatte deler av behovet for helsepersonell.
Vi må førebu oss på at befolkninga vil forvente meir av helsetenestene, dei økonomiske rammene blir mest sannsynleg strammare og medisinskfagleg utvikling vil utvide tilbodet, noko som også vil utfordre oss og krevje prioriteringar.
Befolkninga i Haukeland universitetssjukehus sitt føretaksområde er venta å utgjere om lag 500 000 innbyggarar i 2035. Det er ein auke på 8 prosent eller 37 000 innbyggarar frå 2020. Gjennomsnittleg levealder kan auke med 3,5 år fram til 2035. (4)
Aldersgruppa 60-79 år aukar med 26 prosent fram mot 2035, mens gruppa som er 80 år og eldre aukar med heile 79 prosent. Dei aller eldste går frå å utgjere 4 prosent av befolkninga i 2020 til 7 prosent i 2035. I same periode blir det færre i dei to aldersgruppene 19 år og yngre og 20-39 år.
Særleg bruken av døgnkapasitet i sjukehus heng saman med aldersfordelinga. For somatiske tenester er det ein sterk samanheng mellom høgare alder og stor bruk av liggedøgn, operasjons-, overvakings- og intensivkapasitet. I psykisk helsevern er bruksprofilen ein annan: Her er det dei yngre aldersgruppene som dominerer, mens talet på eldre pasientar i allmenn psykisk helsevern er lågt. Det same gjeld pasientar med russjukdom. I den nasjonale framskrivinga av kapasitet i psykisk helsevern og rusmedisin legg ein til grunn at tenestebehovet blant eldre ikkje er dekka i dag.
Sjukdomsbilete vil vere prega av befolkningsutviklinga. Fleire vil leve lengre med ein eller fleire langvarige sjukdommar eller resttilstandar etter alvorleg sjukdom. Samansette tilstandar og psykisk sjukdom er også forventa å auke. Dette aukar behovet for helsetenester. (5)
Aldring og livsstil
Med fleire eldre og auka levealder vil fleire trenge spesialisthelsetenester. Ein ser teikn til at førebygging med riktig ernæring og fysisk aktivitet dempar helseproblema noko hos eldre. Samtidig veit vi at kreft og sjukdommar i muskel og skjelett er tett knytt til høg alder, og så langt ser det ikkje ut til at førebygging vil dempe behovet for helsetenester her. Pasientar med kreftsjukdom vil vere ei av dei pasientgruppene som veks mest fram mot 2035. Alderssvekking av sansane vil auke i tråd med at snittalderen i befolkninga aukar, og dette vil gi fleire med høyrsels- og augesjukdommar.
Hjernesjukdommar rammar i dag ein av tre i løpet av livet. (6) Alderssamansetninga framover vil gje eit aukande tal personar som blir råka av nevrologiske sjukdommar som Parkinson, Alzheimer og andre former for demens. Hjernesjukdommar rammar også barn og unge, og kan føre til at dei lever med redusert funksjonsevne og nedsett livskvalitet i store delar av livet.
Noreg har ein stor del overvekt i den vaksne befolkninga. (7) Overvekt er knytt til ei rekke sjukdommar som krev behandling, blant anna hjarte- og karsjukdom, fleire krefttypar og diabetes.
Samansette tilstandar og psykisk helse
Førekomsten av pasientar med fleire sjukdommar samtidig, er allereie ei stor utfordring for det spesialiserte helsevesenet og den kjem til å auke. Analysar viser at 10 prosent av pasientane med høgast forbruk står for 53 prosent av liggedøgna i sjukehusa våre. Av desse er det mange eldre med fleire sjukdommar. Dei kommunale tenestene vil også bli utfordra som følge av veksten i denne pasientgruppa, og overgangar mellom tenestenivåa er ein risiko for pasienttryggleiken som vi må handtere saman med kommunane.
I rusmedisinen er det eit aukande tal pasientar med kombinasjonar av alvorleg rusmiddelbruk, ulike somatiske tilstandar og minst éin psykisk sjukdom som treng behandling. Fleire har kognitive vanskar som liknar demens. Unge med begynnande rusproblem får ikkje tilstrekkeleg tilpassa hjelp i dag, det same gjeld eldre som er avhengige av alkohol og vanedannande medikament. Mange av dei illegale rusmidla som pasientane nyttar, fører til utagerande åtferd som krev særleg tilrettelegging i behandlinga.
Samanlikna med andre store sjukdomsgrupper, debuterer psykisk sjukdom ofte tidlegare i livsløpet, med høge individuelle og samfunnsmessige kostnadar som konsekvens. Dei reduserer livskvaliteten til både pasienten og pårørande og fører ofte til mindre deltaking i skule og arbeidsliv. Dei siste åra har ein sett ein auke i talet på barn og unge som treng hjelp med spiseforstyrringar.
Menneske med alvorlege psykiske lidingar, og særleg dei med samtidig rusmisbruk, har omlag 20 år kortare levetid enn befolkninga elles. Dei er også meir eksponerte for kreft og hjarte- og karsjukdommar. Mange av dei tapte leveåra skuldast somatiske sjukdommar som ikkje er førebygd, oppdaga eller behandla.
I følge Folkehelseinstituttet vil 30-50 prosent av befolkninga ha minst ein psykisk sjukdom i løpet av livet. Ein av tre som blir uføretrygda i Noreg slit med psykiske sjukdommar - dei fleste med angst og depresjon. FHI rangerer desse to tilstandane blant dei tre som gir størst grad av helsetap i befolkninga. Innvandring frå konfliktområde kan bety fleire pasientar med traume, og det er sannsynleg at fleire vil etterspørje behandling for dette. Vi ser allereie eit større behov for psykogeriatriske helsetenester og det er grunn til å tru at dette vil auke ytterlegare.
Pasientar som lever med langvarig sjukdom
Auka levealder i befolkninga gir større førekomst av langvarig sjukdom med behov for oppfølging frå helsetenesta. Nye behandlingstilbod gjer at fleire pasientar overlever alvorleg sjukdom, og mange lever med langvarige følgetilstandar av sjukdommen.
Eksempel på dette er barn som er fødd for tidleg eller med sjeldne syndrom. Dei kan få behov for helsehjelp heile livet. Eit anna eksempel er personar med spinal muskelatrofi. Ny behandling vil endre utviklinga av sjukdommen, men pasientane vil trenge livslang oppfølging frå både kommune- og spesialisthelsetenesta. Også behandlinga av kreft blir stadig betre, meir treffsikker og bidrar til at pasientar lever lenger. Fleire enn før blir friske av kreftsjukdommen, men har seinverknader av behandlinga og treng tett oppfølging av både spesialist- og kommunehelsetenesta. Vi må ha tilstrekkeleg kapasitet for å møte behova til desse pasientgruppene.
Kva betyr befolknings- og sjukdomsutviklinga for kapasitetsbehova i sjukehuset?
Kapasitetsbehova i somatisk sektor i Haukeland universitetssjukehus er per februar 2022 vurdert slik:
- Det er forventa stor vekst i behovet for dagbehandling og poliklinikk fram mot 2035. Dagkirurgi, dialyse, kjemoterapi og infusjonar er venta å auke med til saman rundt 50 prosent, mens generell poliklinikk veks med 44 prosent fram til 2035. Nokre fag, for eksempel kreft, har også sterkare vekst enn gjennomsnittstala for sjukehuset.
- Framskrivinga som vart gjort i 2018 tilsa at det samla sett er nok normalsenger i sjukehuset, men at nokre einingar har for få senger, og at det derfor er behov for gjere om på kapasitetsfordelinga mellom einingar. I løpet av 2022 vil vi ha ny kunnskap om sengebehovet i sjukehuset og vi vil gjere ei ny vurdering når denne ligg føre.
(8)
- Det er behov for å auke talet på intensiv- og overvakingssenger i sjukehuset. Rapportane frå interregional arbeidsgruppe for intensivkapasitet og koronakommisjonen vil gi grunnlag for vurdering av kapasitet i sentral intensiveining og dei andre overvakingseiningane. Sjukehuset har allereie bestemt å auke kapasiteten gjennom bygging av traumeintensiv, kirurgisk overvakingseining og nytt brannskadeavsnitt.
- Sentraliseringa av kirurgi vil auke behovet for operasjons,- overvakings- og intensivkapasitet. Dette vil også føre til auka utstyrsbehov.
- Laboratorietenester og bildediagnostikk har dei siste åra auka meir enn pasientbehandlinga og det er forventa at denne trenden held fram. I laboratoriemedisinen har det vore ein generell auke, mens auken i bildediagnostikk heng saman med auka førekomst av kreft, meir klinisk behandlingsforsking og utviklinga av minimal invasiv kirurgi og bildestyrt intervensjon.
I psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling er det pr. 2022 lagt til grunn behov for å:
- Styrke tilgangen til sikkerheitsplassar (jf. Regional plan Sikkerheitspsykiatri – 2021-2025), samtidig med at ein utvidar det polikliniske tilbodet til denne pasientgruppa.
- Korrigere tilbodet i andre einingar i vaksenpsykiatrien slik at ein sikrar ein rimeleg og meir stabil beleggssituasjon og legg til rette for fleksibilitet i plassutnyttinga.
- Styrke både døgnkapasitet og poliklinisk kapasitet i psykisk helsevern for barn og unge noko.
- Redusere døgnkapasiteten i tverrfagleg spesialisert rusbehandling noko og auke både akuttilbodet og det polikliniske tilbodet.
Nasjonal framskrivingsmodell (intern lenke) er utgangspunkt for framskrivingane for Haukeland universitetssjukehus. Vi legg til grunn at desse framskrivingane blir nytta i planlegginga av alle store organisasjons- og investeringsprosjekt framover.
Den største utfordringa i åra som kjem er at vi ikkje vil klare å rekruttere nok personell til å jobbe i helsetenesta om vi held fram med å organisere arbeidet på same måte som vi gjer i dag.
Frå 2010 til 2021 har Haukeland universitetssjukehus auka talet medarbeidarar i nesten alle grupper av personell, jf. figur 4 under. Veksten har vore på 37 prosent, og er størst i gruppene sjukepleiar og overlege. (9) Dette skuldast blant anna auka poliklinisk aktivitet og dagbehandling, i tillegg til nye oppgåver som følge av pakkeforløp og overdraging av verksemder. Helsefagarbeidarar er den einaste gruppa som ikkje har hatt vekst. Gruppa er gradvis redusert gjennom heile perioden og vi har i dag 101 færre netto månadsverk for helsefagarbeidarar enn i 2010. Sjukehuset har i 2021 meir enn 13 000 medarbeidarar og 20 prosent av dei er over 55 år.
Vi kan ikkje forvente ein tilsvarande auke i bemanninga framover. Helse- og omsorgssektoren vil legge beslag på nesten halvparten av den samla veksten i arbeidsstyrken fram mot 2035 om vi skal dekke det framskrivne behovet. (10) Det er vanskeleg å sjå for seg at det vil skje. Det er også usikkert om dei økonomiske rammene vil gi rom for ein slik auke i bemanninga.
Utsiktene tilseier ei generell utfordring knytt til personell, men for nokre grupper er biletet meir alvorleg enn andre. Framskrivingane for sjukepleiargruppa teiknar eit dramatisk bilete for Haukeland universitetssjukehus, dersom vi ikkje gjer tiltak: Vi vil mangle 619 netto månadsverk for sjukepleiarar allereie i 2025 om vi jobbar på same måte som i dag. I 2035 vil vi mangle 1227 netto månadsverk, jf. figur 5 under. (11) Allereie i 2021 merkar klinikkar redusert tal søkarar til sjukepleiarstillingar.
Tilgangen til intensivsjukepleiarar har vore utfordrande gjennom fleire år, og er forsterka under Covid-19 pandemien. Framskrivingane viser at 103 netto månadsverk vil mangle i 2035, mens vi i 2025 vil mangle 56 intensivsjukepleiarar.
Demografi- og sjukdomsutvikling kan gje eit aukande behov for fleire av legespesialitetane. Geriatarar, kreftspesialistar, augelegar og nevrologar er truleg nokre av spesialitetane vi treng fleire av framover. (13) Sjukehuset vil ha behov for og har lagt ein plan for å auke geriatrisk kompetanse i fleire personellgrupper for å gje god behandling til ei aldrande befolkning. Det er framleis mangel på bioingeniørar, og Haukeland universitetssjukehus har meldt behov for auka utdanningskapasitet i regionen. Spisskompetanse innan klinisk ernæring vil vere ein annan viktig kompetanse i sjukehuset når sjukdomsutviklinga er prega av livsstilssjukdommar, samansette tilstandar og geriatri.
Vi tar i bruk ny teknologi både i pasientbehandlinga og støttetenestene. Dette gjer at vi i større grad vil trenge ingeniørkompetanse i sjukehuset i tida framover. Sjukdomsutviklinga vil også stille større krav til tverrfaglege team med ingeniørar, fysikarar og andre med teknologi- og realfagskompetanse, i tillegg til medisinarar. Denne utviklinga ser vi allereie i sjukehuset. Tilgangen til ingeniørar og anna teknisk kompetanse i helsetenesta er i stor grad påverka av etterspurnaden i andre bransjar.
Haukeland universitetssjukehus har årleg meir enn 3000 studentar frå ulike helseprofesjonar i praksis. Talet på studentar er aukande, og det er utfordrande å tilby tilstrekkeleg og relevante praksisplassar med god kvalitet. Behovet for praksisplassar vil framleis auke på grunn av nye studieplanar
(14) og forventa auke i utdanningskapasitet for helsepersonell, blant anna innan medisin
(15) og sjukepleie.
Befolkninga har forventningar til oss som sjukehus. Dette gjeld både vår rolle som samfunnsaktør og vår rolle som tenesteytar og korleis tenetestilbodet vårt er utforma.
Servicenivå
Ein generelt god levestandard og privatøkonomi gjer at folk har høge forventningar til servicenivå, teknologiske løysingar, kvalitetane i sjukehuslokala, opningstid og tilgjengelegheit. Vi ser ein auke i etterspurnaden etter private helseforsikringar og behandlingstilbod, og nye tenestetilbod veks fram i form av nettbaserte legetenester og mobilapplikasjonar. Dette kan gi oss konkurranse både om pasientar og om fagfolk. Det kan avlaste oss for oppgåver, men også auke etterspurnaden etter spesialisthelsetenester med usikker indikasjon. Eitt av scenarioa i rapporten Helse-Norge 2040 peikar på at helsereformene framover vil styre kva tenester det offentlege helsevesenet skal tilby og ikkje.
(16)
Bank og forsikring har dei siste tiåra digitalisert tenestene gjennom å undersøke kva kundane ønsker seg og treng. I digitaliseringa har helsesektoren til no streva med å handtere mangfaldet av interessentar, ulike former for reguleringar og omsynet til personvern. (17) Dette gjer at sjukehusa ligg etter i bruk av teknologiske løysingar både i samhandlinga med pasientar og i dei systema som er tilgjengelege for medarbeidarane. Dette gjeld særleg teknologi som er knytt til informasjonsflyt, logistikk og planlegging.
Endringane som skjer ved hjelp av teknologi og medisinsk utvikling reiser spørsmål om etikk og tryggleik. Dataeigarskap er eit eksempel på det. Når medisinsk-teknisk utstyr og dataløysingar samlar data, er det viktig å sikre rett eigarskap til slike data mellom pasientane, helsetenesta og leverandørar av medisinsk utstyr og IKT-system.
Samfunnsansvar og FN sine berekraftsmål
Haukeland universitetssjukehus er ein stor arbeidsgivar og driv ei verksemd som påverkar omgivnadane. Det er forventa at sjukehuset bidrar til å nå FN sine berekraftsmål, både dei som gjeld menneskerettar og arbeidstakarrettar, og dei som handlar om klima og miljø.
Haukeland universitetessjukehus skal gi berekraftige helsetenester og det vil utfordre verksemda framover: Krav til klima og miljø er no sterkare i lovgivinga og endringar i finansieringsordningar kan kome. Delar av verksemda vår kan bli prisa høgare gjennom for eksempel CO2-avgifter. Høgare pris på klimagassutslepp er noko av det perspektivmeldinga framhevar som tiltak for å handtere utfordringane med klima og miljø. Berekraftsmåla må inn i sjukehusdrifta og klimarekneskap, klimabudsjett og sirkulærøkonomi er noko av det som blir viktig for verksemda framover. Ansvaret for berekraft, både klima og miljø, menneskerettar og arbeidstakarrettar, strekker seg også til leverandørar og samarbeidspartnarar i helsetenesta, forsking og industri.
Utviklinga på det medisinske fagfeltet har vore enorm og er mellom anna driven fram av biologiske innovasjonar, nye prosedyrar og ny teknologi. Med digitalisering, deling av data, analyseregime og tungreknesystem vil utviklinga gå endå raskare. Dette vil gi oss betre behandlingstilbod og meir effektive måtar å drive sjukehuset på, men vi må også førebu oss på å gjere vanskelege prioriteringar. Tilfanget av behandlingar vil utfordre både forsvarleg ressursbruk, berekraftige helsetenester og grensene for kva vi bør gjere av diagnostikk og behandling.
Fram mot 2035 vil medisinen i endå større grad utvikle seg i retning av å hindre alvorleg sjukdom og føreseie sjukdomsutvikling hos den enkelte og i befolkninga. Pasientperspektivet vil stå sentralt. Pasientane både vil og må ta større ansvar for eiga helse framover – i val av behandlingsstrategi og i innsamling, eigarskap og rapportering av data som er relevant for oppfølginga.
Samanstilling av demografiske data, sjukehistorie, kliniske data og data frå laboratorie-, bildediagnostikk og patologi, vil gi betre kunnskap om sjukdommar og hjelp til tilvising og behandlingsval. Kompleksiteten i dataintegrasjonane vil krevje utvikling av system som brukar maskinlæring og kunstig intelligens for å skape verdi.
Presisjonsmedisin er tilpassa den enkelte pasient og målretta i tid. Nye metodar i eksperimentell kirurgi, intervensjonar kombinert med terapi, stamcellebehandling, immunterapi, re-generativ medisin og partikkel-/stråleterapi er under utvikling. Vi må vurdere kostnadane knytt til nye metodar opp mot nytteverdien. Fram mot 2035 vil tilbodet av presisjonsmedisin avhenge av framsteg i grunnforskinga og forskinga som bygger bru til klinisk forsking. Helsetenesteforsking og bruk av strukturerte data frå pasientjournal, medisinske kvalitetsregistre og andre kjelder vil vere avgjerande for å evaluere effekten av behandling og legge grunnlag for prioriteringar.
Vi forventar at den medisinske utviklinga vil fortsette i høgt tempo og gi oss moglegheiter som krev bevisste prioriteringar og innsats for å hindre overdiagnostikk og overbehandling.
Sjukehusa har hatt stor vekst i dei økonomiske rammene dei siste tiåra, i takt med veksten i norsk økonomi elles. Perspektivmeldinga 2020-21 peikar på at ein no går inn i ein periode der ein ventar lågare inntekter i statsbudsjettet, mens veksten i offentlege utgifter aukar. Det kan gje mindre handlingsrom i budsjetta og utfordrar særleg helsetenestene, både i kommunar og spesialisthelsetenesta.
Perspektivmeldinga framhevar at Noreg har eit godt utgangspunkt for å handtere utfordringane og få til naudsynte omstillingar. Vi har ein svært god statsfinansiell situasjon, høg sysselsetting og høgt utdanningsnivå.
Dei makroøkonomiske rammene i Noreg vil påverke Haukeland universitetssjukehus, og dei økonomiske rammene til helseføretaka vil utvikle seg i takt med resten av den offentlege økonomien. Helse- og omsorgstenestene vil krevje meir ressursar på grunn av den demografiske utviklinga med fleire eldre. I kor stor grad helseføretaka får kompensert for dette er eit politisk spørsmål.
Fordeling av midlar mellom dei regionale helseføretaka følger ein nasjonal inntektsmodell. Internt i Helse Vest er det ein regional inntektsfordelingsmodell som er bygd på dei same prinsippa som den nasjonale modellen. Modellane sikrar at fordeling av rammer til helseføretaka er føreseieleg og fangar opp endringar i behov og kostnader mellom helseføretaka.
Den økonomiske ramma til Haukeland universitetssjukehus består i hovudsak av rammetildeling fordelt via Helse Vest, og ISF-inntekt som er variabel og basert på aktivitet. Ramma skal dekke drift, vedlikehald og investeringar. I langtidsbudsjettet fram til 2026 har Haukeland universitetssjukehus årlege driftsbudsjettrammer på mellom 13 og 14 milliardar kroner. Personalkostnad utgjer nærmare 70 prosent av driftskostnadane, jf. figur 7 under. I langtidsbudsjettet er det venta at personalkostnaden vil auke relativt lite samanlikna med legemiddelkostnad, avskrivingskostnad og finanskostnad.
Haukeland universitetssjukehus har dei siste 12 åra hatt positivt driftsresultat, noko som har gitt økonomisk handlingsrom for store investeringar i bygg og medisinsk-teknisk utstyr. Det er budsjettert med eit driftsresultat på 100 mill. kroner i 2022 og ein gradvis reduksjon til 10 mill. kroner i 2026. Avskrivingane aukar i same periode og er eit resultat av at fleire store byggjeprosjekt blir ferdige. Dette gir også ein relativt stor auke i finanskostnadane sidan bygga er oppført med store låneopptak.
Driftsresultat og avskrivingskostnad er saman med låneopptak viktig for kva investeringsramme vi har tilgjengeleg. Haukeland universitetssjukehus legg opp til eit investeringsbudsjett på om lag 1,5 mrd. kroner dei næraste åra og ein reduksjon til om lag 0,8 mrd. kroner frå 2027 av. Haukeland universitetssjukehus må kontinuerleg forbetre og prioritere for å halde drifta innanfor tildelt budsjettramme.
Haukeland universitetssjukehus skal til ei kvar tid vere førebudd på å handtere hendingar som ligg utanfor normal drift. Beredskap er derfor integrert i den daglege verksemda.
Pandemiar er ifølge Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) ei av dei krisene som skårar høgast både med omsyn til kor sannsynlege dei er og kva konsekvensar dei har for samfunnet. (18) Det kjem pandemiar med ulik alvorsgrad med mellom 10 og 30 års mellomrom på verdsbasis og det er sannsynleg at vi må handtere nye pandemiar liknande covid-19 i åra som kjem.
Forsyningstryggleik for forbruksmateriell, kirurgisk utstyr og legemiddel blei utfordra under covid-19- pandemien. DSB vurderer legemiddelmangel som det aller mest sannsynlege scenarioet av alle i si risikovurdering frå 2019. Innføring av i-rett-tid-prinsippet for varelager aukar denne risikoen og globaliseringa påverkar forsyningstryggleiken både når det gjeld produksjon og transport av varer.
Samfunnet er meir sårbart og komplekst gjennom at vi har gjort oss avhengig av teknisk infrastruktur. Dette gjeld særleg straumforsyning og IKT-løysingar. Ustabilitet og bortfall av kritisk infrastruktur over lengre tid vil utforde sjukehusdrifta. Utviklinga i det internasjonale trusselbilete kan påverke kor sannsynleg det er at dette skjer. Ekstremvêr kan også påverke infrastruktur som straum, vassforsyning og trafikkavvikling. DSB vurderer at det er middels til svært sannsynleg at ulike typar ekstremvær kan ramme oss.
Antibiotikaresistens er ei stor utfordring for helsetenesta.
(19) Noreg har framleis låg grad av resistens, men den er på veg opp.
(20) Infeksjonar med antibiotikaresistente bakteriar aukar dødelegheita, forlenger liggetida og behandlingskostnadene stig. Dødelegheita er heile fire gonger høgare for infeksjonar med dei mest vanlege resistente bakteriane samanlikna med andre infeksjonar.
(21) Vi må førebygge aukande antibiotikaresistens generelt og konkrete utbrot med resistente bakteriar i kliniske einingar på sjukehuset spesielt. Antibiotikaresistens kan påverke kva behandlingar vi kan tilby pasientane i åra som kjem.