Utviklingsplan 2035 for Haukeland universitetssjukehus
Utviklingsplan for Haukeland universitetssjukehus legg føringar for alle handlingsplaner i sjukehuset, både delplanane som gjeld for heile føretaket og handlingsplanar i dei enkelte nivå 2-einingane. Utviklingplanen legg òg føringar for prosjekta i den strategiske prosjekt- og programportefølja. På denne måten sikrar vi samanheng og eigarskap til måla vi saman skal jobbe for å nå framover. Figur 1 illustrerer denne samanhengen:
Figur 1: Samanhengen i planverket for Haukeland universitetssjukehus. Klikk på bildet for større versjon
Forbetringsmetodikken ligg til grunn for korleis vi skal jobbe med å vidareutvikle sjukehuset. Vi skal ha pasientperspektivet i alt vi gjer. Utvikling får vi til gjennom dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar og forsking, innovasjon og utdanning. Vi skal òg vere opne om prioriteringane vi gjer. Denne måten å jobbe på ligg fast for arbeidet med å vidareutvikle Haukeland universitetssjukehus. Figur 2 visar dette:
Figur 2: Korleis jobbar vi for å vidareutvikle sjukehuset. Kjelde: Strategi for Helse Bergen 2017-2022.
Klikk på bildet for større versjon
Helse2035 - Strategi for Helse Vest
Helse Vest RHF vedtok i 2017 strategien
Helse2035 med tilhøyrande tiltaksplan. Denne er også lagt til grunn i arbeidet med utviklingsplanen.
I Helse2035 er det fire område som føretaka i Helse Vest skal vidareutvikle:
-
Pasienten si helseteneste: Kvalitet og pasientryggleik, kommunikasjon og prioritering, samansette lidingar og standardiserte pasientforløp
-
Eitt helsevesen: Eit heilskapleg helsevesen, sjukehus i team og strategisk samspel med dei private
-
Utvikling av helsetenestene: Auka verdiskaping, spesialisthelsetenester utanfor sjukehus, forsking, innovasjon og teknologi
-
Medarbeidaren, leiing og organisasjon: Forbetringskompetanse
Det årlege oppdragsdokumentet frå Helse Vest inngår i planhierarkiet og detaljerer oppgåvene til sjukehuset komande år.
Nasjonal helse- og sjukehusplan
Gjeldande Nasjonal helse- og sjukehusplan har følgjande mål:
- Pasientane er aktive deltakarar
- Heilskaplege og samanhengande tenester
- Sårbare pasientar blir møtt med team
- Ein samanhengande akuttmedisinsk kjede
- Spesialisthelsetenester i heimen
- Bruk av helsedata til det beste for fellesskapet
- Livslang læring
- Leiing bidrar til endring
- Vi lærer av kvarandre