Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Haukeland universitetssjukehus i 2022

Haukeland universitetssjukehus er det nest største og eitt av fire regionsjukehus i Noreg.

Gruppebilde av sykehusansatte i korridor på sengepost. Foto

Vegen mot det høgspesialiserte sjukehuset har vore lang. I over 100 år har dyktige medarbeidarar, medisinske nyvinningar, politisk vilje til å satse på ei offentleg helseteneste og den generelle samfunnsutviklinga, gradvis endra og skapt det sjukehuset vi har i dag.

I dag er Haukeland universitetssjukehus ein stor og kompetent beredskapsorganisasjon som er der når pasientane på Vestlandet treng det. Tyngda av verksemda ligg på haukelandsområdet, men heilt sentrale i vårt breie tilbod er også sjukehuset på Voss, Kysthospitalet i Hagevik, ReHabiliteringsklinikken på Nordås, Avdeling for rusmedisin sine mange lokalisasjonar, Psykiatrisk klinikk i Sandviken, dei tre distriktspsykiatriske sentra, dei sju barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkane, helsehusa og alle ambulansestasjonane i opptaksområdet.

Medarbeidarane si evne og vilje til å forbetre tilbodet til pasientane er eit grunntrekk i sjukehuset si historie. Det har vore ei kontinuerleg utvikling av behandlingstilbod, innføring av nye metodar, innkjøp og utvikling av nytt utstyr, oppføring av nye bygg og utbetring av areal.

Forskingsaktiviteten har gjort at mange pasientar som før ikkje ville ha overlevd sjukdom og skade, no lever lange liv med god helse. Utviklinga av helsetenester til pasientar med psykiske sjukdommar har vore formidabel. Prehospitale tenester gjer at pasientar får avansert livreddande behandling før dei kjem til sjukehuset. I Mottaksklinikken møter akutt sjuke pasientar med uavklarte tilstandar tverrfaglege team som skal gi raske avklaringar, rett undersøking og behandling.

Vi har kapasitet og erfaring til å handtere alvorleg sjukdom og kompliserte pasientforløp i tett samspel med andre aktørar. Vi yter høgspesialiserte helsetenester i akutte sjukdomsfasar og tek vare på pasientar som treng helsehjelp frå spesialisthelsetenesta over lengre periodar. Vi er opptekne av at pasientane skal bli møtt med respekt og få kunnskap og verktøy for å kunne gjere gode val, og ta vare på si eiga helse.

Mykje av aktiviteten i sjukehuset er flytta frå sengepostar til polikliniske einingar. Det er ei prioritert oppgåve å samarbeide med kommunane og andre aktørar i helsetenesta for å sikre pasienttryggleiken og utnytte dei samla ressursane så godt som mogleg. Vi er i gang med å utvikle eit sjukehus som rettar verksemda si utover og gir pasientane spesialisthelsetenester der dei lever liva sine. Vi ønsker i større grad å bidra til førebygging for å dempe behovet for behandling i sjukehus framover, i tett dialog og samhandling med kommunane. 

Meir om Haukeland universitetssjukehus si historie​

Spesialisthelsetenesta har fire lovpålagte oppgåver:

  • Pasientbehandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Utdanning av helsepersonell 
  • Forsking

Haukeland universitetssjukehus yter desse tenestene med god kvalitet.

Vi planlegg, gjennomfører, evaluerer og korrigerer verksemda systematisk gjennom styringssystemet vårt. Brei involvering av alle leiarnivåa i styringa er eit mål. Viktige arenaer for involvering er møte mellom alle nivå 2-leiarane i sjukehusleiinga kvar 14. dag, månadlege møte med dei over 500 nivå 2- og 3-leiarane, i tillegg til dialogmøta på våren og budsjettmøta på hausten med alle nivå 2-einingane.

Møteplassar for dialog og samarbeid med brukarutvala, tillitsvalde og vernetenesta er også viktig for å vidareutvikle vår felles helseteneste. Månadlege samhandlingsmøte, fast informasjons- og drøftingsmøte og fast møte i sjukehuset sitt arbeidsmiljøutval. Tillitsvalde og verneombod blir også inviterte til Nivå 2- og 3-leiarmøte, dialog- og budsjettmøte. Brukarutval og ungdomsråd bidrar til å fremme pasientperspektivet når vi utviklar verksemda. 

Styringa er basert på oppdraget vi kvart år får frå Helse Vest RHF og på fakta om drifta av verksemda, blant anna i månadleg rapport frå verksemda. Rapportportalen samlar alle data om sjukehuset sin aktivitet, kvalitet og resultat. Her ligg for eksempel ForBedringsundersøkelsen, Rapporterte nøkkeltal​, Samhandlingsbarometeret og Økonomirapportar (interne lenker). Dette legg grunnlag for dialog om status og utviklinga av verksemda, handtering av utfordringar og det langsiktige strategiarbeidet. 

Eit høgspesialisert sjukehus vil alltid måtte handtere risiko. På Haukeland universitetssjukehus søker vi å handtere risikoen gjennom styring, avvikshandtering og læring på tvers. Det er oppretta lokale og sentralt kvalitet- og pasienttryggleiksutval for å jobbe systematisk med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. 

Innan helse er Haukeland universitetssjukehus den største beredskapsorganisasjonen i regionen. Beredskap handlar om at vi til ei kvar tid skal vere førebudde på hendingar som ligg utanfor normal drift. Derfor er beredskap ein integrert del av den daglege verksemda i sjukehuset. Covid-19 pandemien har vist at samfunnet er sårbart, og at spesialisthelsetenesta si evne til å handtere ein langvarig beredskapssituasjon er tett knytt til tiltak elles i samfunnet og avhengig av ein kommunehelseteneste som fungerer godt. Gjeldande planverk (intern lenke) og samhandlingsarenaer har også medverka til at vi har løyst hovudoppgåvene våre under pandemien. Samtidig har vi gjort oss nyttige erfaringar når det gjeld pasienttryggleik, kompetanse, fleksible areal og beredskapslager som vi tar med oss i planlegginga for framtida.

I 2018 godkjende styret for Haukeland universitetssjukehus den første utviklingsplanen (PDF). Tre år inn i planperioden er det sett i gang fleire tiltak som flyttar sjukehuset i ønska retning.

Med Covid-19 pandemien fekk vi frå 2020 auka bruken av digital samhandling med pasientane. Det er i gang eit stort arbeid for å forbetre tilbodet til barn og unge, og for å auke samhandlinga kring pasientar med somatisk-, psykiatrisk- og/eller russjukdom.

Det er laga eit grunnlagsdokument om korleis sjukehuset sitt tilbod til eldre med fleire sjukdommar kan bli styrka, og i samhandlingsstrukturen jobbar ein for å forbetre samanhengen i tenestene saman med dei 18 kommunane i føretaksområdet.

Forbetring er ein del av arbeidsoppgåvene til alle medarbeidarane i sjukehuset. I tillegg til det lokale forbetringsarbeidet, er arbeidet i gang for å ruste opp og forbetre sengepostane og poliklinikkane våre.

Det er i gang arbeid for å auke operasjons- og overvakingskapasiteten i sjukehuset. God bruk av laboratorietenester og bildediagnostikk blir sikra gjennom blant anna regionalt samarbeid og felles IKT-løysingar. Evalueringa av gjeldande Prehospital plan i 2021 viste at vi er i god rute med ein moderat auke av kapasiteten.

I denne justerte planen​ har vi oppdatert faktagrunnlaget, korta ned planen og gjort den tilgjengeleg digitalt, men vi held den kursen som blei staka ut under arbeidet med første utgåve av utviklingsplanen i 2018. Vi meiner vi er på rett veg.

Sist oppdatert 11.07.2023