Nasjonale føringar
Nasjonal helse- og sykehusplan 2020–2023 gir retning og rammer for utvikling av spesialisthelsetjenesten og samarbeidet med den kommunale helse- og omsorgstjenesten.
I eierskapsmeldinga (
Meld. St. nr 8 (2019-2020) Statens direkte eigarskap i selskap – Bærekraftig verdiskaping (eigarmeldinga) presenterer regjeringa sine forventningar til statlege selskap. Staten si eigarutøving skal bidra til å nå staten sine mål som eigar på ein berekraftig og ansvarleg måte. Staten forventar mellom anna at selskapa er leiande i sitt arbeid med ansvarlig verksemd og gjennomfører aktsemdsvurderingar i tråd med anerkjente metodar for å identifisere og handtere risikoen verksemda påfører samfunn, menneske, miljø og klima.
Oppdraget vårt
- Pasientbehandling
- Utdanning av helsepersonell
- Opplæring av pasientar og pårørande
- Forsking
Gjennom styringsdokumentet vil Helse Vest RHF gi helseføretaka ein mest mogleg heilskapleg og samla styringsbodskap.
Spesialisthelsetenesta skal vere leiande i arbeidet sitt med miljø og berekraft, og fremje god helse gjennom miljøvennleg drift.
Styringsdokument frå Helse Vest
I 2019 blei den første nasjonale rapporten for spesialisthelsetenesta sitt arbeid med samfunnsansvar publisert. Med denne rapporten blei det også for første gong utarbeidd eit felles klimarekneskap for helseføretaka.
Helse- og omsorgsdepartementet ønskjer at det blir bygt vidare på det gode arbeidet som er gjort, og at den felles klimarekneskapen og den nasjonale rapporten utviklast vidare og blir publisert årleg. Helse Vest RHF ber helseføretaka om å vidareutvikle arbeidet med ansvarleg verksemd og klimarekneskap.
Sjå styringsdokument frå Helse Vest RHF til Helse Bergen HF
Dei 17 berekraftsmåla
FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030.
Utviklingsplan 2022-2035
Utviklingsplan 2022-2035 er det overordna strategiske dokumentet for Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen HF. Den er strategien vår, peikar retning og viser korleis vi må jobbe for å dekke befolkninga sitt behov for spesialisthelsetenester framover.
Eit av måla i utviklingsplanen er det nasjonale klima- og miljømålet for spesialisthelsetenesta: CO2-utslippa våre er redusert med 40 prosent innan 2030 og vi har tiltak som gjer oss klimanøytrale innan 2045
Dette målet tar opp i seg fleire av dei 17 berekraftsmåla til FN.
Planar og rapportar
Utviklingsplan 2022-2035
Spesialisthelsetjenestens rapport for samfunnsansvar 2021 (PDF)