Klinisk etikk-komité
Det er mange etiske dilemma i medisinen; i møte med pasientar og pårørande, i diagnostikk og behandlingsval, og i fordeling av felles ressursar.
- Kva er nyttelaus behandling?
- Skal vi alltid behandle alle så mykje som mogleg?
- Kva for ein teknologi bør vi seie nei til?
- Kan vi prioritere unge framfor gamle?
- Kva dilemma følgjer utviklinga i genetikkfaget?
- Skal vi alltid seie alt vi veit om pasientane til dei?
- Når er det rett å tvinge pasientar til noko dei ikkje vil?
Slike og liknande spørsmål kan vi drøfte i Klinisk etikk-komité.
Ta kontakt
Vil du kontakte oss for å melde ei sak eller invitere oss til dykk, skriv til: klinisketikk@helse-bergen.no
Meir informasjon om Klinisk etikk-komité i Helse Bergen
Nokre gonger spring drøftinga ut frå konkrete og pågåande saker der behandlarar eller andre har bede komitéen om konkrete synspunkt på kva som er etisk rett å gjere her og no.
Vi kan gi råd, men har inga sanksjonsmyndigheit eller fullmakt til å ta avgjersler i konkrete saker.
Andre gonger er vi nytta i generelle saker som pasient/pårørande eller medarbeidarar i sjukehuset ønskjer ei upartisk, prinsipiell drøfting av. Det kan vere ønskje om å få hjelp til å sortere kva som er dei etiske dilemma og mogelege alternativ. Å klargjere det prinsipielt og verdimessig vanskelege, eller for å vere betre rusta neste gong ein er i ein tilsvarande situasjon.
Vi i komitéen er blitt valde ut av føretaksleiinga til å vere i komiteen fordi vi anten har spesiell kompetanse innanfor etikkfaget eller fordi vi har utmerka oss med å vere opptekne av dei vanskelege sakene. Vi skal fungere som eit uavhengig forum og har også med ekstern representant forutan representantar frå ulike faggrupper i sjukehuset.
Klinisk etikk-komité skal:
- Bidra til auka etisk bevisstheit og kompetanse og er ein del av helseføretaka sitt kvalitetsarbeid.
- Bidra til at pasientar og pårørandes møte med sjukehuset blir best mogleg.
- Auke ferdigheiter til å identifisere, analysere og løyse etiske problem og dilemma knytta til verksemda.
- Gi tid og rom for systematisk etisk refleksjon og bistå i drøfting av konkrete etiske utfordringar før ei avgjersle blir tatt, eller i etterkant.
- På førespurnad gi råd om korleis konkrete etiske problem kan løysast.
- Bidra til bevisstgjering om verdispørsmål knytta til ressursbruk og prioritering.
- Vere livssynsnøytral.
Salongane er eit tiltak for å ha ein aktiv dialog om etiske problemstillingar blant tilsette i føretaket vårt. Følg med på KEK Helse Bergen for oppdateringar og eventuelle endringar i programmet.
Vi oppmodar spesielt utdanningsansvarlege, LIS-ansvarlege og rettleiarar til å bruke Etikksalongane som kompetansehevende tiltak og som inngang til viktige diskusjonar i utdanningsløpa. Velkomen!
5. februar. Omsorg under press—kva skjer med helsearbeidaren?
På norske sjukehus er arbeidshverdagen prega av fleire og meir komplekse oppgåver som krev høgt tempo. Samstundes forventast det at helsepersonell møter kvar enkelt pasient med ‘varme hender’ og omsorg.
Er effektivitetskrav foreinleg med nærleik i pasientarbeidet, eller står vi i fare for at omsorg blir trengd ut frå akuttmottak og sengepost?
I denne etikksalongen utforskar vi korleis helsepersonell balanserer tidspress med profesjonelle og personlege ideal innanfor avdelinga sine og sjukehuset sine rammer. Med oss i salongen har vi Caroline B.N. Engen, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen og LIS3 i psykiatri, som i 2025 publiserte ein artikkel i Medicine, Health Care and Philosophy om legar si rolle og arbeidskrav i lys av kampanjen #legermåleve. Artikkelen dannar grunnlaget for ein nyleg kommentarartikkel i The BMJ om utbrentheit blant unge legar. Salongen blir leia av Audun Brendbekken, sekretær i KEK.
Møtet finn stad 12.15-13.00 i Birkhaugsalen, Sentralblokka og på Teams.
- 9. april, 12.15-13.00 i møterom B302, Sentralblokka og på Teams.