Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Brukarutvalet i Helse Bergen
Brukarutvalet skal ivareta pasientar og pårørande sine interesser, og vere ein pådrivar i forbetring av tenestene ved Haukeland universitetssjukehus.
Medlemane kjem frå dei to store samanslutningane av pasientorganisasjonar som: Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO), Landsdekkende brukarorganisasjon på rusfeltet (RIO), Interesseorganisasjon innan rusfeltet (ProLar), Kreftforeninga, Vestlandet invandrarråd, samt Pensjonistforbundet i Hordaland.
Brukarutvalet er oppnemnt av styret ved Helse Bergen HF og er rådgivande organ for administrerande direktør og styret ved Helse Bergen HF i brukarrelaterte spørsmål.
Koordinator: Randi Bjørgen Johannessen, rådgjevar, Seksjon for samhandling.
Eli Sjo, leiar, FFO
Atle Grung Eide, nestleiar, Kreftforeningen
Olaug Torveig Botnen, Pensjonistforbundet
Christine Lønne, ProLARnett
Lene Nilsen, FFO
Renate Toft, SAFO
Cristel Borge Bersaas-Nesse, SAFO
Maria Stokke Mindestrømmen, FFO
Marianne Sundvor, FFO
Everline Konyo Mjømen, Innvandrerrådet
Michael Sønnesyn, FFO
Vara
Trude Aarseth, FFO
Arvid Åsen, FFO
Isabel Fredriksen, FFO
Sonja Ljostveit, FFO
Lydia Run Omarsdottir, FFO
Jorunn Thorsen, SAFO
Ulrikke Tranberg, SAFO
Nooshin Zaery, Vestland Innvandrerråd
Terje Thue, Kreftforeningen
Knut Gullaksen, Pensjonistforbundet
Tom- André Faye, ProLARnett
FFO - Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
SAFO - Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjonen
ProLARnett - Nasjonalt forbund for folk i LAR
Brukarutvalet skal bidra til å oppnå:
helsetenester av god kvalitet uavhengig av alder, kjønn, bustad, etnisk opphav, sosial status, sjukdom/diagnose og funksjonsnedsetjing
god samhandling og gode, heilskaplege pasientforløp
god medverknad frå pasientar og pårørande og organisasjonane deira
samarbeid mellom brukarutval
Brukarutvalet skal vere:
eit rådgivande organ for styret og administrerande direktør i saker av strategisk karakter som gjeld tilbodet til pasientar og pårørande i verksemdsområdet
eit forum for tilbakemelding frå pasientar og pårørande om generaliserte erfaringar innafor ansvarsområdet og oppgåvene til helseføretaket
eit samarbeidsforum mellom helseføretaket og brukarorganisasjonane
Oppgåvene til Brukarutvalet
å følgje med på årshjulet til helseføretaket og bidra i mål- og strategiarbeid, hovudprosessar, forbetrings- og omstillingsprosessar og andre faglege prosjekt, og å delta/medverke/bidra i råd og utval i alle saker som gjeld tenestetilbodet
å fremje saker som er viktige for brukarar, pasientar og pårørande
å setje opp ein årleg møteplan i samarbeid med administrasjonen
å evaluere si eiga verksemd minst éin gong i løpet av funksjonsperioden
å ha kontakt med brukar- og pasientomboda i opptaksområdet og bidra til at helseføretaket følgjer opp årsrapportane deira
å samarbeide med andre brukarutval, brukarorganisasjonar og brukarrepresentantar i kommunane ved behov
å arrangere og/eller delta på relevante konferansar og kurs etter nærmare behov og avtale
å foreslå brukarrepresentantar frå brukarutval eller organisasjonar til plan- og prosjektarbeid, råd og utval etter invitasjon
å møte på styremøta til helseføretaket
å komme med høyringsfråsegner til relevante planar og utgreiingar
å lage årsrapport om si eiga verksemd
Brukarutvalet i Helse Bergen har 11 medlemmar fordelt med utgangspunkt i medlemsmassen til brukarorganisasjonane . FFO deltek med fem representantar, SAFO med to representantar, Pensjonistforbundet med ein representant, Innvandrarrådet i Vestland ein representant, ProLAR Nett med ein representant og Kreftforeningen med ein representant
Medlemmer i brukarutvalet skal sjølve ha erfaring som pasient og/eller pårørande og ha tilknyting til opptaksområdet til føretaket.
Styret i helseføretaket oppnemner medlemmene i brukarutvalet, inkludert leiaren og nestleiaren, etter innstilling frå administrerande direktør på grunnlag av innsende forslag frå pasientorganisasjonane.
Representantane er personleg oppnemnde av styret i helseføretaket på bakgrunn av erfaring, kompetanse, nettverk, verv og organisasjonstilknyting.
Det inneber:
at samansetjinga av brukarutvalet skal spegle heile verksemdsområdet til helseføretaket, vanlegvis gjennom balansert representasjon frå somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling
at pårørandeperspektivet, med særleg vekt på foreldre til sjuke barn, er representert i tillegg til eldre, barn og unge og etniske minoritetar
at alminnelege prinsipp for kjønnsrepresentasjon er ivaretekne
at ein prøver å ta omsyn til aldersrepresentasjon og geografisk representasjon
at både små og store organisasjonar skal vere representerte, slik at utvalet totalt sett har ei god forankring
Funksjonsperioden til brukarutvalet er to år.
Medlemmer skal ikkje oppnemnast for meir enn tre periodar, det vil seie seks år.
Brukarmedverkarar i Helse Bergen får honorar etter gjeldande satsar for Helse Vest, og satsane er i samsvar med praksis i andre helseføretak. Satsane blir justert kvart andre år. Per 01.01.2022 er satsane 310 kroner per time, og 1900 kroner for møter over 4 timar.
Eksterne oppdragsgivarar er forplikta til å følgje satsane som er sett av Helse Vest når brukarmedverkarar frå Helse Bergen har oppdrag utanfor organisasjonen.
Alle utvalet sine medlemar, brukarar og pårørande, foretaksleiinga, avdelingar, råd og utval, tilsette og einskildpersonar, etatar og organisasjonar utanfor Helse Bergen kan fremme saker for komiteen og gis tilgang til informasjon frå utvalet si verksemd.
Arbeidet må ha eit klart fokus på tiltak som vil kunne kome pasientar og pårørande til gode. Nytenking og forbetring må stå sentralt.
Føremålet med brukarmedverknad i helseforsking i spesialisthelsetenesta er å betre forskingas kvalitet og relevans. Forskingsresultat får større betyding og blir tatt raskare i bruk når dei opplevast som nyttige for pasientar og pårørande.
Brukarmedverknad inneber ei demokratisering av helseforskinga, og kan bidra til at brukaranes perspektiv, behov og erfaringar blir reflekterte i forskinga.
Haukeland universitetssjukehus (HUS) har etablert eit ungdomsråd for å auke brukarmedverknaden i aldersgruppa 12 til 25 år. Ungdomsrådet består av 11 personar frå ulike kommunar i Hordaland som er eller har vore pasientar ved sjukehuset.