Utval for pasientsikkerheit

Utval for pasientsikkerheit i Helse Bergen er eit rådgjevande organ for administrerande direktør og skal blant anna:

  • Bidra til å behandle enkeltsaker meld av avdelingar i Helse Bergen, Helsetilsynet i Hordaland, Pasientombudet og pasientar/pårørande.
  • Ivareta meldeplikta overfor Helsetilsynet i Hordaland. 
  • Legge til rette for at avdelingane sine meldingar om skade, uhell og næruhell på pasient blir godt utreda. Slik at årsaker og konsekvensar kan bli kartlagt og tatt med i det kontinuerlige forbetringsarbeidet. 
  • Vurdere om skadesaker er tilfredsstillande fulgt opp og om igangsette tiltak er riktige for å forbedre rutiner og førebygge uønska hendingar. 
  • Vurdere klagesakene i høve til pasientrettigheit, og om førespurnader er svart på skikkeleg. 
  • Gi tilbakemelding til avdelingane om utvalget si vurdering av saka. Bidra med forslag og anbefalingar til forbetring. Gi råd og rettleiing om vidare oppfølging. 
  • Vurdere problemstillingar rundt rutiner for registrering og saksbehandling av skade/klagesaker og fremme forslag til eventuelle endringar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.