Diagnose
Handleddsbrot
Brot i handleddet er ein av dei vanlegaste brottypane og er brot like ved eller i handleddet.
Dei fleste handleddsbrot kan og bør bli behandla med gips. Det er likevel ein del brot som er så feilstilte eller kompliserte at operasjon blir vurdert som den beste behandlinga.
Tilvising og vurdering
Brot i handleddet er ein akutt skade og diagnosen blir vanlegvis stilt ved røngtenundersøking på legevakt. Lege tilviser til eventuell vidare behandling på sjukehus.
Utgreiing
Dersom det er tvil om diagnosen på røntgenbildet, tar vi CT for nærmare utgreiing.
Behandling
Det er tre moglege behandlingsmetodar ved brot i handleddet.
Les meir om Handleddsbrot, behandling med gipsLes meir om Handleddsbrot, operasjon med innvendig plate
Oppfølging
Etter behandlinga av brotet vil det vere ulik oppfølging alt etter kva behandling du har vore gjennom.
Sjå dei ulike behandlingsalternativa (behandling med gips, innvendig plate eller utvendig ramme) for kva oppfølging som gjeld deg og din tilstand.
Ver merksam
Ved mistanke om infeksjon skal du raskt ta kontakt med sjukehuset. Teikn på infeksjon er:
- Raud farge, hevelse og varme i huda
- Væske frå såret
- Aukande smerter
- Feber
- Generell sjukdomskjensle
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen