Korleis komme seg til sjukehuset

Det er fleire offentlege transportalternativ for å komme seg til Haukeland universitetssjukehus. Her finn du ein kort oversikt.

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. 

Buss

Fleire rutebussar går forbi sjukehuset. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider. Linje 80 køyrer med  begrensa avgang Haukeland- Strandkaiterminalen og Linje 2 omlag kvart 10. minutt til Strandkaien.

Tide og Nettbuss har ekspressbuss på fleire langdistanseruter til Bergen sentrum.

 

Bybanen

Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 


 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet fem over kvar heile time frå kl. 09.05 og til kl. 15.05 alle kvardagar. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time frå kl. 09.05 og til kl. 15.05 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen køyrer til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05. 

Klokka 9.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

 

Taxi 

I Sentralblokka finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.


​Tog

Jernbanestasjonen i Bergen sentrum er nærmaste stasjon til Haukeland. Det er omtrent 2,5 km mellom stasjonen og sjukehuset, og det går fleire bussar til og frå sjukehuset på denne strekninga.

 

Fly

Bergen Lufthamn, Flesland, ligg i underkant av to mil frå Haukeland.

 

Venteareal

Om du må vente på transport på sjukehuset, har vi eit eige venteareal for pasientar og pårørande i nærleiken av resepsjonen i Sentralblokka.