Av og til treng vi eit rom som er annleis
Ein tilfluktsstad. Ein fristad. Ein plass å samle tankane. Eit privat pusterom, ein roleg stad for ettertanke, kvile, bønn og meditasjon.
På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine.
Romma er alltid ope, og er ope for alle.