Seksjon for presteteneste og etikk støttar pasientar, pårørande og tilsette i krevjande situasjonar uavhengig av livssyn. Prestetenesta bidrar med å ivareta menneske i alle einingar i føretaket. Dei formidlar og kontakt med andre trus- og livssynssamfunn i Bergen og omeign ved behov. Seksjonen har også ansvar for sekretariatet til klinisk etikk-komité, og gir støtte og rettleiing til fleirkulturelt arbeid og tolketenester.
HovudprestLiv Ingrid Svela 55 97 38 49
SjukehusprestHelge Alsaker Solheim 55 97 38 45
SjukehusprestPsykiatrisk divisjonPatrick Wohlgemuth55 95 84 59
SjukehusprestØyvind Rise55 97 38 45
KulturrådgjevarPanita Laksuktom55 97 38 46
SykehusimamMohamed Azeem 55 97 38 45
Vakttelefon 55 97 38 45 / 95 89 04 00
Administrasjonsbygget, Psykiatrisk divisjon, Sandviken
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no
Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset
Kvar onsdag kl. 11.30-12.00 er det gudsteneste med nattverd i Stillerommet i 3. etasje i Sentralblokka. Treng du hjelp til å komme fram så har vi frivillige som hjelper til.
I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma er alltid ope, og er opne for alle.
Les meir om stilleromma
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.