Opptreningstida etter operasjonen vil variere med kompleksiteten i brotet.
Sårstell
- Bandasjane skiftast ein gong i veka eller dersom bandasjane er fuktige.
- Ved siving, vask alle pinnane og såra med reint vatn.
- Når sivinga stoppar kan ein kutte ut bandasje. Du treng ikkje å fjerne skorper.
- Vask alltid hendene før og etter bandasjeskift.
Hygiene
Du kan dusje utan å dekkje til. Skyll godt med reint vatn slik at det ikkje blir liggjande såpe i såra. Tørk godt med reint handklede. Hugs å alltid skifte til tørr bandasje etter dusjing.
Kontroll
Du vil bli kalla inn til ein poliklinisk kontroll med røntgen etter ca. 2 veker. Her sjekkar vi at brotet framleis står i korrekt stilling, fjernar sting og inspiserer operasjonssåra. I nokre tilfelle vil det vere nødvendig å stramme ramma.
Dersom alt ser fint ut, vil du bli kalt inn til ny kontroll etter ytterlegare 4 veker. Då blir det tatt røntgen og ramma vil bli fjerna. Vi anbefaler at du tar to Paracet (til saman 1 gram) ein time før konsultasjonen. Du treng ikkje å få bedøving i samband med fjerninga. To veker etter fjerninga blir du kalt inn til kontroll hos fysioterapeut som vil hjelpe deg med øvingar.
Aktivitet / belasting
Brotet treng om lag 6 veker på å gro. Derfor skal du ikkje løfte noko tungt dei første 6 vekene, men du kan bruke handa til lette ting som å løfte ein kopp og bruke bestikk. Deretter kan du vanlegvis starte med gradvis belasting med mindre noko anna er avtalt.
Smerter
Nokon har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og ein kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.
Sjukemelding
Kor lenge du treng sjukemelding er avhengig av yrket ditt. I manuelle yrke som stiller krav til tunge løft, må du rekne med 6 vekers sjukemelding. I andre yrke der ein ikkje må løfte tungt, for eksempel kontorarbeid, kan det vere nok med nokre dagar.
Informasjon frå fysioterapeut
Restriksjon første 6 veker
Ikkje støtt deg på handa eller løft noko tungt dei første 6 vekene. Du kan støtte eller bere med olbogen. Dersom du brukar ganghjelpemiddel, må du byte til ein type der du støttar på olbogen, for eksempel underarmsrullator eller underarmskrykkje.
Daglege aktivitetar
Bruk handa så normalt som mogleg til vanlege, lette aktivitetar. Bruk handa til å kle på deg eller smøre ei brødskive så langt det går.
Beveg olbogen og skuldra
Beveg skuldaren og olbogen normalt for at ledda som ikkje er skada skal stivne til. Strekk armen opp mot taket, over på motsett skulder og bak på ryggen. Strekk armane ut og bakover medan du trekker pusten godt inn.

Beveg fingrane
Når du vekselvis knyter handa og sprikar med fingrane, aktiverer du venemuskelpumpa. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned blir det lettare å bevege, og då skapar du ein god sirkel. Derfor er det svært viktig å kome raskt i gang med å bevege fingrane so mykje som ramma tillet.
- Strekk alle fingrane samtidig.
- Sprik med fingrane.
- Få med tommelen så mykje som ramma tillet.
- Knyt handa. Prøv å få fingartuppane heilt inn i handflata så mykje som ramma tillet.
- Hjelp den skada handa med den friske for å fingartuppane heilt inn i handflata.
Hald handa høgt
Det er vanleg at handa er hoven den første tida etter brotet. Hald handa over hjartehøgde for mest mogleg effektiv drenasje av hevelsen. Når du sit kan du kvile armen oppå sofaryggen, på nabostolens ryggstøtte, på ei pute i vinduskarmen eller på eit høgt bord.
Så lenge det er vondt å pendle normalt med armen når du går, kan du kvile handa i jakkelomma. Strekk og knyt handa vekselvis inne i lomma, sidan fingerbevegelse er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelsen.
Etter rammefjerning om 6 veker: Beveg handleddet
Ramma blir vanlegvis fjerna etter 6 veker. Så snart ramma er tatt av, skal du begynne å bevege handleddet i alle retningar. Det er normalt at det er stivt og ømt i blautvevet etter at ramma er fjerna. Evna til å bevege handa skal gradvis kome tilbake når du gjer øvingar og tar i bruk handa til daglege aktivitetar. Det er normalt at det er ømt i ytterstillingane den første tida.
Restriksjon etter rammefjerning
Handleddsbrot som er operert med utvendig ramme (distal radiusfraktur, operert med ekstern fiksasjon) gror vanlegvis i løpet av 6 veker. Etter ramma er fjerna, er det viktig at du normaliserer aktivitetar og bevegelsesmønsteret ditt så raskt som mogleg. Tungt, fysisk arbeid må du trappe opp gradvis. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere.
Her er eit større øvingsrepertoar. Handa toler meir enn det som blir vist i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og leggje vekt på han for å tøye handleddet bakover. Vel dei øvingane du kjenner er mest nyttige for deg:.
Handleddsbrot, øvingar etter behandling
Dette øvingsprogrammet er utarbeidd for deg som er operert med innvendig plate etter handleddsbrot (volar plate på distal radiusfraktur), men kan også brukast ved andre handskadar. Øvingane passar frå første dag etter operasjonen. For personane på illustrasjonsbilda i øvingsprogrammet har det gått 2-3 veker etter operasjon med innvendig plate.
Andre handskadar der øvingsprogrammet kan vere aktuelt:
-
Handleddsbrot behandla med gips eller utvendig ramme, når gipsen eller ramma er fjerna. Brotet har då grodd, og handa toler meir enn det som blir vist i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa medkraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og legge vekt på ho, for å tøye handleddet bakover.
-
Underarmsbrot (antebrachifraktur) operert med innvendig plate og skruar på begge underarmsbeina. Dette øvingsprogrammet passar frå første dag etter operasjonen.
-
Underarmsbrot (antebrachifraktur) behandla med gips, når gipsen er fjerna. Brotet har då grodd, og handa toler meir enn det som visast i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa medkraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og leggje vekt på ho, for å tøye handleddet bakover.
Øvingsprogrammet er rettleiande. Du vel sjølv dei øvingane som du kjenner er mest nyttige for deg. Det viktigaste er at du tar i bruk handa i daglege aktivitetar.
-
Før
-
Under
Beveg olbogen og skuldra
Beveg olbogen og skuldranormalt for at desse uskadde ledda ikkje skal stivne til. Strekk armane opp mot taket:
Beveg fingrane
Når du vekselsvis knyter handa og sprikar fingrane, aktiverer du vene-muskelpumpen. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og då skaper du ein god sirkel.
Strekk alle fingrane samtidig:
Hjelp med frisk hand for å sprike med fingrane på den opererte handa:

Få med tommelen når du spriker med fingrane, eller så langt ramma tillét om du er operert med utvendig ramme:
Plassér ein flasketut mellomto fingrar og skyv handa fram mot tuten. Slik fårfingrane hjelp til å sprike. Bytt flaska siplassering, så alle fingrane får hjelp til å sprike etter tur:
Knyt handa. Prøv å få fingertuppane heilt inn i handflata, eller så langt ramma tillét om du er operert med utvendig ramme:
Hjelp denskadde handa med den friskefor å få fingrane heilt inn i handflata:
For å klare å knyte handa, må du bøye dei store knokane (metacarpophalangialleddene). Hald tommelen på den friske handa inni den skadde, og hjelp med den friske handa for bøye i dei store knokane:
Grip rundt ein flasketut, og prøv å bøye fingrane heilt rundt den:
Bevég tommelen ein ogein fingertupp etter tur:
Beveg det opererte handleddet
Bruk frisk hand som modell, og beveg gjerne begge hendene samtidig.
Stryk handa på låret ditt:
Stryk handa bak på leggen din:
Stryk handa på forsida av leggen din:
Grip rundt kneet:
Stryk handa på motsett overarm. Strykover både det eine og det andre kinnet. Strykalle stader på din eigen kropp der det er naturleg å bevege armen:
Snu handflata opp - rotér underarmen:
Hjelp med frisk hand for å snu den opererte:
Beveg handleddet framover og bakover. Bevegelsen er lettare å få tilom du held rundt ei halvlitersflaske, som du rullar på bordet:
Fold hendene og bruk frisk hand til å hjelpe operert handledd den vegen det er stivast:
Kvil underarmen på bordet eller låret, og plassér handa utanfor bordkanten. Løft og senk halvlitersflaska med handleddet. Gjer same øving både med handflata ned og med handflata opp (begge posisjonane av underarmsrotasjon):
Rotér underarmen, slik at du vekselvis får handflata opp og ned. Haldrundt tuten på ei halvlitersflaske. Flaskas lette vekt hjelper deg litt i bevegelsen, og i tillegg er det lettare for deg å se bevegelsesutslaget:
-
Etter
Gå til
Handleddsbrot, øvingar etter behandling
-
Avdeling
-
Fysioterapiavdelinga
-
Stad
-
Sentralblokka
-
Oppmøte
Ved operasjon - Ortopedisk avdeling i 7. etasje i Sentralblokka.Ved kontroll - Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka.
For medisinske spørsmål - ring 55 97 71 87 (mandag-fredag, kl. 09.00-15.00)