Handleddsbrot er ein akutt skade og blir vanlegvis behandla med gips same dag. Gipsbehandlinga skjer som oftast på legevakt, men nokre gonger også i akuttmottak på sjukehuset.
Distal radiusfraktur, konservativ behandling
Handleddsbrot, behandling med gips
Brot i handleddet er eit av dei vanlegaste brota, og er brot like ovanfor eller i sjølve handleddet. Brotet må nokre gonger settast på plass i riktig stilling før det blir gipsa. I dei tilfella der operasjon ikkje er nødvendig, vil ein gips vere tilstrekkeleg behandling for handleddsbrotet. Gipsbehandlinga varer vanlegvis i fire til seks veker.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Dersom du opplever auka hevelse i fingrane og auka smerte, kan dette vere teikn på for stram gips. Dersom det ikkje hjelper å bevege fingrane og å heve armen, bør du straks ta kontakt med lege. Dersom du er i tvil, ring lege for råd.
Du bør vente med å køyre bil sjølv til du har god rørsle i handleddet igjen.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Skadepoliklinikken (Bergen legevakt) i Solheimsgaten 9 ved Danmarksplass.
Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.

Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen