Brotet er som regel grodd etter 6 veker. Opptreningstida vil variere med kompleksiteten i brotet.
Sårstell
Du skal skifte på såret dersom bandasjen har blitt skitten eller våt, eller han har blitt laus eller om det siver sårvæske. Ein tørr bandasje kan liggje på såret i 5 dagar. Vask alltid hendene før og etter bandasjeskift.
Kontroll
Du vil bli kalla inn til kontroll hos fysioterapeut 2 veker etter operasjonen. Etter 3 månader, og også etter ett år, vil du få et skjema sendt på telefon der du blir spurt om du ynskjer kontroll (frammøte, videokonsultasjon eller telefon). I tillegg kan du score funksjonen din. Dersom du får ein dårlig funksjonsscore vil vi kontakte deg automatisk. Det er viktig at du sjølv tar kontakt snarast dersom du får tegn til infeksjon eller du meiner noko er galt med handleddet. Ring oss på telefon 55 97 28 37.
Aktivitet / belastning
Brotet treng omtrent 6 veker på å gro, derfor skal du ikkje løfte noko tungt dei første 6 vekene. Du kan løfte lette ting som ein kopp og bruke bestikk. Deretter kan du vanlegvis starte med gradvis belasting med mindre det er avtalt noko anna.
Fjerning av sting
Oftast er det brukt tråd inni huda. Denne vil gå i oppløysing av seg sjølv og det er ikkje nødvendig med stingfjerning. Nokon gonger er det ei trådknute utanpå huda. Om denne ikkje fell av avseg sjølv, kan han klippast av etter 2 veker.
Dersom det er sydd med utvendig tråd, bestiller du time hos fastlegen din for fjerning av sting. Då kan stinga fjernast etter 2-3 veker.
Hygiene
Før såret er tørt må det dekkjast til med for eksempel ei plastpose ved dusjing. Når såret er tørt kan du dusje med plaster på, oftast etter cirka 3 dagar. Husk då at du alltid skiftar til tørr bandasje etter du har dusja. Når det er gått 7-10 dagar er det vanlegvis ikkje behov for plaster.
Smerter
Nokre har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette må avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og du kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.
Sjukemelding
Kor lenge det er nødvendig å vere sjukemeld, er avhengig av kva yrke du har. I manuelle yrke med tunge løft, må ein rekne med sjukemelding i 6 veker. I andre yrke utan tunge løft, til dømes kontorarbeid, kan det vere tilstrekkeleg med nokre dagar.
Informasjon fra fysioterapeut
Restriksjon første 6 veker
Ikkje støtt deg på handa eller løft noko tungt dei første 6 vekene. Du kan støtte eller bere med olbogen:
Dersom du brukar ganghjelpemiddel, må du bytte til ein type der du støttar på olbogen, for eksempel underarmsrullator eller underarmskrykkje.
Daglege aktivitetar
Bruk handa så normalt som mogleg til vanlege, lette aktivitetar. Bruk handa til å kle på deg, knyte skolisser, skjere brød, skrive på tastatur eller strikke.
Beveg olbogen og skuldra
Beveg olbogen og skuldra normalt for at ledda som ikkje er skada ikkje skal stivne til. Strekk armane opp mot taket:
Beveg fingrene
Når du vekselvis knyter handa og sprikar med fingrane, aktiverer du venemuskelpumpa. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og då skapar du ein god sirkel. Derfor er det svært viktig å kome i gang med å bevege fingrane allereie første dagen etter operasjonen.
Hold hånden høyt
Det er vanleg at handa er hoven den første tida etter brotet og operasjonen. Hald handa over hjartehøgde for mest effektiv drenasje av hevelsen. Når du sit kan du kvile armen oppå sofaryggen, nabostolen si ryggstøtte, på ei pute i vinduskarmen eller på eit høgt bord.
Så lenge det er vondt å pendle normalt med armen når du går, kan du kvile handa i jakkelomma. Strekk og knyt handa vekselvis inne i lomma, sidan å bevege fingrane er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelsen.
Beveg det opererte håndleddet
Du skal begynne å bevege handleddet i alle retningar så snart gipsen er tatt av, vanlegvis første dag etter operasjonen. Du skal ikkje tvinge fram bevegelse med makt. Bevegelsar med ein frisk hand kjennast lette, og heller ikkje i ein operert hand treng du å spenne musklane hardt.
Rørsla skal gradvis kome tilbake når du gjer øvingar og tar i bruk handa til daglegdagse aktivitetar. Det er normalt at det er ømt i ytterstillingane den første tida.
Her er eit større øvingsrepertoar. Vel dei øvingane du kjenner er mest nyttige for deg:
Håndleddsbrudd, øvelser etter behandlingPoliklinisk kontroll hos fysioterapeut
Du blir kalla inn til ein 2-vekerskontroll hos fysioterapeut. Handleddsfunksjonen blir kontrollert, og du deltar i gruppe der du gjennomgår øvingar.
Om du ikkje kjem i gang med å bevege handa, kan du bli oppfordra til å kontakte ein fysioterapeut i nærleiken av der du bur. Fysioterapeuten kan hjelpe deg med å bevege både fingerledd og handledd.
Restriksjon etter 6 uker
Handleddsbrot operert med innvendig plate (distal radiusfraktur operert med volar plate og skruer) gror vanlegvis i løpet av 6 veker. Tungt fysisk arbeid må du trappe opp gradvis. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere.