Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering utfører utgreiing, diagnostikk, kartlegging og behandling til menneske med muskel-og skjelettlidingar, nevrologiske lidingar, amputasjonar/dysmeli, erverva hjerneskade, hjerneslag og spastisitet.
Buss nummer 67 går frå Bergen sentrum til Nordås. Du går av på buss-stoppet «Nordåsgrenda». Du kan også ta buss 67 frå Lagunen.
Til Lagunen går det bybane fra Flesland og fra Bergen sentrum. Vil du spasere tar det ca. 20 minutt frå Lagunen bybanestopp.
Det er gratis parkering for pasientar og pårørande utanfor bygget.
Har du mobiltelefon er det fint om du har denne på lydlaus medan du oppheld seg i felles areal. Hugs at du ikkje må ta bilder av medpasientar eller tilsette utan deira samtykke.
Vi ønsker at sjukehusområde vårt skal være røykfritt. Om du skal røyke ber vi deg gjøre dette på oppmerka område. Treng du hjelp til å komme ut for å røyke må du avtale dette med personalet. Vi ber om forståelse for at vi ikkje alltid kan prioritere dette.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Sjukehuset har ikkje forsikringsordninger som dekker tap av verdisaker. Du må derfor oppbevare desse på eige ansvar. Safe på rommet kan nyttast.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.