Poliklinikken består av eit team med lege, psykolog, ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar og sosionom.
Tilbodet i poliklinikken startar med ein vurderingssamtale med lege og/eller psykolog. Ut fra behov kan ein deretter få tilbod om til dømes:
- Deltaking i vårt polikliniske rehabiliteringsprogram
- Individuelle samtalar og oppfølging innan eit problemområde, ved ein eller fleire fagpersonar i teamet.
- Rapport frå utgreiing med anbefalingar om lokal oppfølging
- Kurs for pårørande
Gruppebehandling
Om det er aktuelt kan ein få tilbod om å delta i ei mindre gruppe der tema er spissa mot eit aktuelt område. Ein må da først ha delteke i poliklinisk rehabiliteringsprogram.
Gruppene vil bestå av 4 til 8 pasienter avhengig av tema. Dei vert sett opp annakvar veke over 4–8 ganger.
Tilvising - kontakt ReHabiliteringsklinikken
Prosjekt
Rehabilitering for pasientar med CFS/ME i eit brukarperspektiv. Eit samhandlingsprosjekt mellom primærhelsetjeneste, spesialisthelsetjeneste og NAV.