Helse og arbeid (Tidlegare Raskare tilbake)

Er du sjukemeld eller står du i fare for å bli det? Helse og arbeid er ei vidareføring av arbeidsretta behandlingstilbod etter at ordninga "Raskere tilbake" blei lagd om frå 2018. Tilbodet er i hovudsak for personar med psykiske lidingar (angst, depresjon) og muskel-/skjelettlidingar.

​​​​​​​​​Dette er eit tilbod til sjukemelde arbeidstakarar som skal gjere det mogeleg for dei som blir tilvist, å kome lettare tilbake i arbeid. Det er også eit tilbod til arbeidstakarar som står i fare for å bli sjukemelde, med ei målsetting om å unngå sjukemelding.

Ordninga gjeld no innanfor somatikk, psykisk helsevern og rehabilitering og habilitering.

Kor kan eg få hjelp?

Det finst arbeidsretta tiltak i alle vestlandsfylka, men innhaldet i tiltaka kan variere i dei ulike helseføretaka.​ I Helse Bergen har vi følgande tilbod:

Psykisk helsevern

Tilbodet er retta mot dei som:

  • bur i opptaksområdet til Helse Bergen
  • er i arbeid eller har eit arbeidsforhold
  • har utfordringar som kan handle om sosial angst, panikkangst eller mild og moderat depresjon

Tilbodet passar ikkje til personar med langvarig nedsett funksjonsnivå grunna psykiske plager og/eller med behov for samansett og langvarig behandling.

Tilbodet omfattar:​​

  • eMeistring er internettveileda behandling som har vist seg å være like effektiv for behandling av angst- og depresjonslidingar som ordinær ansikt-til-ansiktbehandling. I Raskere Tilbake er behandlinga jobbfokusert og du vil arbeide med moduler som er arbeidsretta parallelt med behandlingsprogram for anten depresjon, sosial angst eller panikkliding.
  • ​Individuell samtalebehandling.
Les meir om eMeistring sitt tilbod i Raskare TilbakeLes meir om eMeistring

Somatikk

​​​Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Nakke- og ryggpoliklinikken har diagnostikk og tverrfagleg ikkje-kirurgisk behandling av nakke-, rygg- og skulderplager.

Rehabilitering

​​Helse Vest har avtale med fleire private rehabiliteringsinstitusjonar. I Bergen er det Åstveit helsesenter, og her har dei eit tilbod innanfor «Raskare tilbake»-rehabilitering.

Korleis går eg fram?

Det er fastlegen din som kan tilvise til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Her vert det gjort ei vurdering om du kan komme raskare tilbake i jobb ved behanding i spesialisthelsetenesta.

For muskel- og skjelettplagar sendast tilvising til Fysikalsk medisin og rehabiliteringFor tilbod frå eMeistring skal tilvisinga sendast til Bjørgvin DPS

Vil du vite meir?

Informasjonskontoret Fritt sjukehusval har sjukepleiarutdanna personell som kan svare på ulike spørsmål. Dei har oversikt over alle tilbod i regionen og kan gi råd om kva som kan vere rett for deg som pasient.

Du kan ringe Fritt sjukehusval gratis på telefonnummer 800 41 004​

Kontaktinformasjon

Helse Bergen
Siv Krüger Claussen
Prosjektkoordinator​
Telefon 55 91 85 06​

Fritt sjukehusvalg

Noreg er delt inn i regionale helseforetak:

  • Helse Sør-Øst
  • Helse Vest
  • Helse Midt-Noreg
  • Helse Nord

Kvart helseforetak har eit fastsatt, geografisk opptaksområde. Alle pasientar i Noreg har likevel rett til å velge kor dei vil gå for å få helsehjelp.

Som regel er det fastlege som sender tilvising til BUP. Du må som føresett seie i frå, dersom du ønsker at barnet ditt skal bli tilvist til ein annan poliklinikk enn den som har regionansvar for kommunen eller bydelen din.

Du kan orientere deg ved å gå inn på frittsykehusvalg.no.​ Her får du ein oversikt over heile helse-Noreg. 

Besøk frittsykehusvalg.no

 

 

Les meir på Helse Vest sine sider

Les meir om Raskare tilbake på NAV sine nettsider

 


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.