Hjerneslag poliklinikk

Hjerneslag poliklinikken tilbyr rehabiliteringsmessig utgreiing til pasientar med følgjetilstandar etter hjerneslag.

Pasientar med hjerneslag som har vore innlagt til rehabilitering ved avdelinga vert innkalla til poliklinisk kontroll 2-3 månadar etter utskriving. 
Pasientar kan også bli tilvist for vurdering frå fastlege eller lege i spesialisthelsetenesta.

Sjå meir om tilvisingsrutinar

Tverrfagleg tilbod

Poliklinikkens pasientar blir vurdert tverrfagleg av lege, sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut, og i enkelte høve sosionom, logoped eller nevropsykolog.

Det vert utarbeidd ein skriftleg fellesrapport med kartlegging og anbefalingar.​

Poliklinikken arrangerer lærings- og meistringskurs for pasientgruppa.​

Forskingsprosjekt

Avdelinga har sidan 2008 vore engasjert i eit forskingsprosjekt der ulike modellar for rehabilitering av hjerneslag, etter tidleg utskriving til heimen, blir prøvd ut.

Les meir om forskingsprosjektet (PDF)


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.