For gravide
Kva skjer på kontrollane?
Om du har time på poliklinikken, vil du bli undersøkt av lege / gynekolog eller jordmor. Kva slags undersøkingar og eventuell behandling som blir sett i gong, vil bli bestemt ut frå årsaka til at du blei tilvist til oss. Du vil få informasjon og rettleiing av lege eller jordmor.
Poliklinikk for gravide tek også i mot kvinner som treng hjelp straks, derfor kan det til tider bli ekstra ventetid for dei som har fast timeavtale.
Poliklinikken har tett samarbeid med:
Kva skal du ha med deg når du kjem til kontroll?
- Tilvising (dersom denne ikkje er sendt på førehand)
- Helsekort for gravide
- Skjema frå ultralydundersøkinga
- Blodtypeskjema (kvitt ark frå Blodbanken)
- Morgonurinprøve – dersom du har fått melding om å ta med det. Prøven skal leverast på reint glas og bør bli tatt etter at du har vaska deg nedantil. Urinprøveglas får du kjøpt på apoteket.
- Notathefte med blodsukkermålingar. Dette gjeld berre dersom du har diabetes eller svangerskapsdiabetes.
- Hugseliste over spørsmål du vil ha svar på hos legen
Kven møter du hos oss?
På poliklinikken jobbar legar, jordmødrer og barnepleiarar. Vi har ikkje lege som er fast tilsett hos oss, men prøver å leggje til rette for at du møter same lege dersom du må tilbake på kontroll.
Rådgiving før fødsel
Har du angst for å føde? Mange har ulike grunnar til at dei fryktar å føde.
På Samtalepoliklinikken hjelper vi deg med å legge alt til rette for at du skal føle deg trygg og teken vare på når du skal føde. Det gjer vi ved individuell rådgiving som tek sikte på å gjere fødselen mindre skremmande og lettare å planlegge. Tildeling av time skjer etter tilvising frå fastlege, jordmor eller psykolog. Alle som får time, får innkallingsbrev i posten med kontaktinformasjon til Samtalepoliklinikken.
Etter fødselen
Barseloppfølging
Nybakte mødrer og nyfødde kan ha behov for oppfølging på Barselpoliklinikken etter heimreise. Er du usikker eller har spørsmål som ikkje kan vente til neste avtale om kontroll i løpet av dei første dagane etter du har reist heim etter fødselen, kan du ta kontakt med Barselpoliklinikken på telefon 41 49 90 42.
I tida etter desse første dagane skal du kontakte helsesjukepleiar på Helsestasjonen i heimkommunen din.
Dersom du opplever problem med rift og/eller sting, kan du ta kontakt med Kvinneklinikken 55 97 42 00 dei to første vekene etter fødsel. Etter dette kan lege eller jordmor i kommunen tilvise deg til undersøking.
Blir du eller barnet ditt akutt sjuke - ta kontakt med legevakta.
Ammeutfordringar?
På Ammepoliklinikken arbeider det jordmødrer med spesialkompetanse på amming.
Ammepoliklinikken er eit tilbod for barselkvinner med spesielle ammeutfordringar dei første vekene etter fødsel. Om du har problem med amming kan du tilvisast frå jordmor eller helsesjukepleiar i kommunen.
Dersom du har/eller mistenker at du har brystbetennelse kan du ringe Kvinneklinikken uavhengig av når i ammeperioden det oppstår. Vi samarbeider med brystdiagnostisk senter.
Til deg som reiser tidleg heim etter fødsel
Kvinner som reiser tidleg heim vil bli følgt opp av Kvinneklinikken dei første fem dagane etter fødsel. Nokre vil bli følgt opp i heimen med besøk av jordmor.
Oppfølging etter fødsel inneber individuelt tilpassa oppfølging og rettleiing, råd om amming, informasjon om barnestell og undersøking av rifter og sting. Barnet vil få vektkontroll, test av høyrsel og nyfødtscreening.
Vi har tett samarbeid med din lokale helsestasjon