Årsak til utgreiing kan vere bløding, smerte eller sjukdom hos mor. Ved mistanke eller auka risiko for misdanningar eller utviklingsavvik hos fosteret blir prenatal diagnostikk utført.
Vi tar i mot kvinner som er inneliggande på Kvinneklinikken eller som blir tilvist frå lege eller jordmor.
Tidleg ultralyd og NIPT
Oppstart av tilbod om tidleg ultralyd og NIPT (Non-invasive prenatal test) til alle gravide over 35 år i Noreg er venta å vere på plass i løpet av hausten 2021. Inntil vidare gjeld gamle retningslinjer, det vil seie tilbod om tidleg ultralyd gjeld gravide over 38 år.
Les meir på helsenorge.no:
Informasjon om fosterdiagnostikk
Ultralyd ved sjukdom
Vi utfører også ultralydundersøkingar av kvinner ved spørsmål om underlivssjukdom som for eksempel cyster på eggstokkane, muskelknutar i livmora, bekkeninfeksjon, utviklingsavvik i dei indre kjønnsorgan og ved mistanke om ondarta svulstar.
Forskingsprosjekt
Ved seksjonen er det stor forskingsaktivitet og ein del av kvinnene vil derfor bli spurt om å delta i forskingsprosjekt. Forskingstema ved seksjonen har vore fostervekst, fostersirkulasjon, svangerskapslengde, sikkerheit knytt til ultralyd i svangerskapet og behandling av abscessar i bekkenet.
Metodebok for helsepersonell (kan ikkje opnast i nettlesaren Internet Explorer)
Aktuelle lenker