HELSENORGE
Gynekologisk avdeling

Gynekologisk undersøking

Gynekologisk undersøking (GU) er ei undersøking av underlivet hos kvinner. Det blir brukt ved utgreiing av gynekologiske lidingar. Legen vurderer både ytre og indre kjønnsorgan.

Innleiing

Tilvising og vurdering

Både fastlege, helsestasjon og sjukehus kan tilvise til gynekologisk undersøking.

Før

Du må vere avkledd nedantil like før undersøkinga. Du kan ikkje ta livmorhalsprøve/ celleprøve dersom du har menstruasjon.

Under

Vanlegvis ligg du på ein benk med beina opp, hvilande i ein beinhaldar. For å få oversikt vil legen føre eit instrument inn i skjeden. Instrumentet blir påført glidemiddel for å gjere undersøkinga meir skånsam. 

Avhengig av årsak til undersøkinga kan det samtidig vere nødvendig å ta celle-, vevs-, bakterie- eller virusprøvar. Som eit ledd i undersøkinga vil legen legge eit press over magen samtidig som han/ho undersøker skjeden med 1-2 fingrar. Det kan også vere aktuelt å undersøke endetarmen. Den gynekologiske undersøkinga blir vanlegvis avslutta med vaginal ultralyd.

I nokre tilfeller må gynekologen gjere ein generell undersøking, og vil ta både røntgen og blodprøvar. 

Undersøkinga gjer i utgangspunktet ikkje vondt. Ved mykje luft i tarmen kan ein likevel oppleve luftsmerter i samband med undersøkinga. Full urinblære kan også gi ubehag ved undersøkinga.

Etter

Når undersøkinga er ferdig kan du reise heim. Gynekologen dokumenter skriftleg kva undersøkinga viser. 

Resultat av undersøkinga

I samband med undersøkinga vil du få informasjon frå legen om eventuelle funn. Konklusjon og prøvesvar vert så snart det er klart sendt til legen som tilviste til undersøkinga, for eksempel fastlegen din.

Ved akutte tilstandar vil det bli gitt eit foreløpig svar like etter undersøkinga.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Kiosk

​Nærmaste kioskutsal er eit Deli de Luca-utsal på Kvinneklinikken. Her får du kjøpt vanlege kioskvarer, bloma​r og kort.

Opningstider:

Måndag - fredag: kl. 09.00 - 16.00
Laurdag og søndag: Stengt.

Det er også nokre kioskvarar i resepsjonen på Haukeland hotell.

Koronavirus: Restriksjonar på besøk

​Alle besøkande må henvende seg i resepsjonen når dei kjem.​

Det er kun den næraste pårørande eller ledsagar som kan komme på besøk på Kvinneklinikken denne tida.

Sjølvbetent innsjekk og betaling

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Vardesenteret

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret

Fann du det du leita etter?