Fysioterapeutane har nært samarbeid med legar, pleiarar og anna personale på sjukehuest. I samband med utskriving av pasientar samarbeider fysioterapeutane med helsepersonell utanfor sjukehuset. Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen er viktige samarbeidspartnarar for Fysioterapiavdelinga som utdanningsinstansar for fysioterapeutar.
Pasientbehandling
Fysioterapiavdelinga behandlar primært innlagde pasientar, men har også mykje poliklinisk verksemd på område der spesialkunnskap er nødvendig. Pasientane blir behandla både individuelt og i grupper.
Behandlinga går føre seg i treningssal, i terapibassenget eller på pasientrom. Nokre pasientar møter fysioterapeut ein eller få gonger, mens andre pasientar får fysioterapi over lang tid. Det er tilstanden til pasienten som avgjer kva for tiltak som blir brukt, og pasienten blir gjort mest mogleg delaktig i behandlinga.
Administrasjon og organisasjon
Det er avdelingssjefen som har det overordna faglege og administrative ansvaret for Fysioterapiavdelinga.
Har du spørsmål til Fysioterapiavdelinga om retninglinjer for behandling eller anna, er du velkommen til å ta kontakt med oss!
Kontaktpersonar - e-postadresser og telefonnummer
Våre tilsette og kor dei jobbar
Stillingsfordeling
Organisasjonskart (pdf)Organisasjonskart engelsk (pdf)Fag og forsking i avdelinga
Forskings- og fagutviklingsleiar initierer og rettleiar i prosjektarbeid og anna fagleg utviklingsarbeid ved Fysioterapiavdelinga.
Oversikter over pågåande prosjektar, publikasjonar, hovudfags-/mastergradsoppgåver og doktorgradsavhandlingar, samt presentasjonarHospitering
Alle som ønsker å hospitere ved Fysioterapiavdelinga, må ta kontakt via e-post med assisterande avdelingssjef Grete Ege grete.ege@helse-bergen.no.
For at dei som hospiterer her skal få best mogleg utbytte av opphaldet, ønsker vi at hospitantane fyller ut
eit eige søknadsskjema med mål for hospiteringa.
I tillegg ber vi om at evalueringsskjema blir fylt ut etter hospiteringa.
Studentar
Fysioterapiavdelinga legg til rette praksis for fysioterapeutstudentar frå Høgskulen på Vestlandet, i tillegg til frå fysioterapeututdanningar i utlandet.
Per i dag tar vi kvart år i mot rundt 25 tredjeårs fysioterapeutstudentar i praksis frå Fysioterapeututdanninga i Bergen, i ein praksisperiode på 10 veker. Studentane er knytta til ei eining ved Fysioterapiavdelinga i praksisperioden, og dei får tett oppfølging av sin eigen praksisrettleiar.
I praksisperioden får studentane tilbod om å vere med på ein del fellesarrangement som bassengtrening, hjartetrening og som følgjevakt på ei kveldsvakt.
Ved Fysioterapiavdelinga tar vi også i mot førsteårs fysioterapeutstudentar i ein todagars følgjepraksis i haustsemesteret. Vi samarbeidar i tillegg med Fysioterapeututdanninga om avsluttande klinisk eksamen, både ved at vi er eksamensstad og ved at fleire av avdelinga sine fysioterapeutar deltar som sensorar. Vi samarbeidar også i forhald til fordjupingsoppgåvene som studentane skriv i sitt tredje studieår, og fleire av avdelinga sine fysioterapeutar deltar som førelesarar i undervisning på utdanninga.
Fysioterapiavdelinga tar imot masterstudentar frå HVL i praksisperiodar på fem veker i tillegg til observasjonsprasis på ei veke.