Aktivitørar og fysioterapeutar knytt til bassenget har, i samarbeid med instruktørar og avløysarar frå kliniske avdelingar, ansvaret for tryggleiken i bassenghallen.
Terapibassenget (7,0 x 12,5 meter) og boblebad held ein temperatur på minimum 34 grader.
Vanlegaste pasientgrupper
Terapibassenget gjev eit tilbod til inneliggande og polikliniske pasientar der bassengtrening er ein del av den spesialiserte helsetenesta. Bergen kommune disponerer tida mellom 09:30 og 13:30 til pasientgrupper kommunen sjølv har prioritert.
Arbeidsform
Aktivitør har særskilt ansvar for drifts-tekniske oppgåver:
- Tekniske installasjonar relatert til bassengdrift
- Kjemikalieregister og internkontroll
Fysioterapeut har særskilt ansvar for behandlingstilbod og brukarar:
- Handtering av tilvisingar
- Koordinering av poliklinisk drift
- Instruksjon og rettleiing av pasientar i grupper og individuelt
- Undervisning og utarbeiding/ revisjon av retningsliner
- Elektronisk dokumentasjon av behandling
- Statistikk
Aktivitørar og fysioterapeutar har saman ansvaret for:
- Badevaktfunksjon og tryggleik i hall
- Kontroll med og justering av kvalitet på vatn i tråd med gjeldande krav
- Generelt vedlikehald av hall og garderober, og spesialisert reinhaldsarbeid
- Tilrettelegging for og rettleiing av brukarar
- Ventelister og gruppefordeling
Behandlingsmetodar
I Terapibassenget går behandlinga føre seg både individuelt og i grupper.
Pasientar kan delta i gruppetrening med fysioterapeut som instruktør, eller i meir individuelt tilpassa behandling i basseng. Poliklinisk behandlingstilbod er avgrensa til pasientar der behandlinga i basseng er del av den spesialiserte helsetenesta. Poliklinisk drift er nært knytta til kliniske avdelingar på sjukehuset, og er ikkje eit ope tilbod. Tilvising frå lege er naudsynt. Denne vert vurdert opp mot gjeldande kriterier for spesialisert helsehjelp.
Samarbeid
Tilsette i Terapibassenget samarbeider med fysioterapeutar, legar og pleiepersonell knytta til dei avdelingane som nyttar seg av bassenget.
Det er også eit tett samarbeid med Bergen kommune, særleg via aktivitetskoordinatorane som er tilsette for å drive fram bassengtrening for kommunen. I tillegg har Terapibassenget eit tett samarbeid med Teknisk avdeling, med ekstern ekspertise på bassengdrift ved Aico AS.
Aktivitetar ut over behandlingssituasjonen
Det er jamnlege møter mellom tilsette i bassenget og seksjonsleiar. Tilsette deltek på internundervisning og personalmøter i Fysioterapiavdelinga. Det vert også jamnleg organisert badevaktkurs/ oppdatering i livredning, for å oppretthalde god kompetanse og tryggleik i avdelinga.
Storleiken på gruppa
1,3 stillingar fordelt på 2 aktivitørar. Fysioterapeutar knytt til Revmatologisk seksjon og nevrologisk seksjon gjer instruktøroppgåver og er del av sikkerhetsbemanninga.
Alle har badevaktkompetanse godkjent av Norsk Livredningsselskap.
Leigetakarar på ettermiddags- og kveldstid
Terapibassenget vert leigd ut til ulike pasientforeningar og organisasjonar. Dei må sjølve sørge for instruktør og badevakt.
Per i dag er desse leigetakarar:
- Bekhterevforeningen Bergen og omegn
- Bergen Revmatikerforening
- Brystkreftforeningen
- Delfinen svømmeskole
- Fibromylagi forbundet
- FKS- Foreningen for kroniske smertepasientar avd. Bergen og omegn
- LKB Hordaland- Landsforeningen for kvinner med bekkenløsning
Andre basseng i Bergen og omegn
For meir utfyllande informasjon om fasilitetar og prisar, kontakt bassenga direkte, eventuelt undersøk Bergen kommune sine nettsider:
www.bergen.kommune.no Sjå vekeoversikt for utleige ettermiddag/kveld:
Kontaktinformasjon til Terapibassenget:
Seksjonsleiar Revmatologisk avdeling og Terapibassenget:
Liv Marit Mørkve Holst
E-post: liv.marit.moerkve.holst@helse-bergen.no