Ein biobank er eit arkiv med humant biologisk materiale til forskings-, diagnostikk-, eller behandlingsformål. Materialet kan stamme frå levande eller daude menneske, og blir forstått som blod, urin, vev, celler eller heile organ.
Kva kan Biobank Haukeland tilby
Biobank Haukeland kan saman med dei andre laboratoria i Laboratorieklinikken levere ein heilskapleg løysing for biobanking. Ein kan bestille ei rekke tenester som prøvetaking, prøvefordeling, laboratorieanalysar og lagring av biobank prøvar.
Sikker prosessering og lagring av biobankprøver
Ein biobank sin verdi avheng av kvaliteten på det lagra biologiske materialet. For optimal kvalitet på prøvane må ein ha gode rutinar for innsamling, fordeling og lagring av det biologiske materialet.
Prisliste
Biobank Haukeland tilbyr ei rekke tenester som kan nyttast mot brukarbetaling.
Etablere ein biobank
Å etablere ein biobank krev god planlegging og koordinering. Biobank Haukeland legg til rette for god prøveflyt saman med dei andre laboratoria i Laboratorieklinikken. Ein må sende inn ein søknad for å inngå prosjektsamarbeid med laboratoria i Laboratorieklinikken.
Skal du delta i eit forskingsprosjekt?
Biobankar er i viktige i dagens forsking og vil i framtida gje økt kunnskap som kan forbetre diagnostikk og behandling. På grunnlag av dette kan ein bli spurd om å delta i eit forskingsprosjekt. All bruk av personlege opplysningar og biologisk materiale blir regulert av Helseforskingslova og anna norsk lov, og som forskingsdeltakar kan du til ein kvar tid trekke deg frå prosjektet.
FluidX biobankrøyr
Hos Biobank Haukeland lagrast det biologiske materialet i ein fullautomatisert lagringseining (BiOS L4). Alle prøvar må fordelast i FluidX biobankrøyr. Biobank Haukeland har røyr med fire ulike volum.
Prøvebehandling
All handtering av prøven fram til analyse kan påverke resultata. Det er derfor viktig at prøvebehandlinga blir gjort så strømlinjeforma som mogleg for å sikre god kvalitet på prøvane.
Maŋemus ođastuvvon 2024-01-19