Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pre-analytisk prøvehandtering

Eit analyse- eller forskingsresultat kan aldri bli betre enn kvaliteten på prøvematerialet. Kvaliteten på ein biobankprøve er påverka av fleire forhold – som pasienten, prøvetaking, prøvemateriale, handtering, transport og lagring. Desse forholda blir kalla preanalytiske faktorar. Feil i den preanalytiske handteringa kan føre til unøyaktige analysar og påverke resultata. (Kjelde: Ellervik C, Vaught J, Clinical Chemistry 61:7, 914–934 (2015))

​Biologiske faktorar

Før ein startar innsamling av biologisk materiale, bør ein vurdere om pasientførebuinga kan påverke resultatet – til dømes fysisk aktivitet, stress,  medikament, mat eller drikke og tidspunkt for prøvetaking.


Val av biologisk materiale 

Formål med studien

    • Materialet må vere eigna til å svare på forskingsspørsmåla.
    • Vurder om det trengst spesifikke celletypar, vev, blodkomponentar, DNA/RNA, etc.

Fleire prøvetypar og tidspunkter

    • Skal det samlast inn fleire typar materiale frå same donor?
    • Skal det samlast inn materiale på fleire tidspunkt ?

Prøverøyr og tilsetningar

    • Vel prøverøyr med tilsetningar som passar til dei analysane som skal utførast 
    • Unngå tilsetningar som kan påverke analysekvaliteten negativt.

Framtidige analysar (prospektive studiar)

    • I studiar der ein ikkje veit alle framtidige analysar, bør ein bruke materiale og tilsetningar som gir fleksibilitet.

Blod er lett tilgjengeleg, krev lite førebuing og inneber låg risiko for donor. Ved sentrifugering kan blodet delast i ulike komponentar, avhengig av om det er brukt antikoagulasjonsmiddel eller ikkje.

Serum

  • Utan antikoagulasjonsmiddel → blodet koagulerer.
  • Etter sentrifugering:
    • Øvst: Serum – inneheld ikkje celler eller koagulasjonsfaktorar.
    • Nedst: Koagel – inneheld røde og kvite blodceller, blodplater og fibrin.

Plasma

  • Med antikoagulasjonsmiddel (t.d. EDTA, citrat, heparin) → hindrar koagulering.
  • Etter sentrifugering:
    • Øvst: Plasma – inneheld koagulasjonsfaktorar.
    • Midten: Buffy coat – tynt lag med kvite blodceller og blodplater.
    • Nedst: Røde blodceller.

Buffy coat

  • Ligg mellom plasma og røde blodceller.
  • Rik på kvite blodceller og blodplater.
  • Vanleg brukt til DNA-isolering.

Urin blir ofte sett på som eit avfallsstoff, men inneheld verdifull informasjon om kroppens fysiologiske og patologiske tilstand. Det er enkelt å samle inn, gir lite ubehag for pasienten og kan samlast inn heime.

Fordelar med urinprøver

  • Enkel og ikkje-invasiv innsamling.
  • Låg risiko og høg pasientaksept.
  • Kan samlast inn utan helsepersonell til stades.

Vanlege analysar

  • Screening: urinstrimmeltestar for glukose, protein, leukocyttar, nitritt m.m.
  • Mikroskopi: vurdering av celler, sylindrar og krystallar.
  • Bakteriologi: dyrking og resistensbestemming.
  • Andre analysar:
    • Endokrine og biokjemiske markørar.
    • Molekylærbiologiske undersøkingar.
    • Rus- og dopingtesting.
    • Proteomikk og metabolomikk.

Innsamlingsmetodar

  • Morgonurin: konsentrert prøve, nyttig for visse analysar.
  • Døgnurin: gir oversikt over utskiljing over tid.
  • Spontanurin: enkel og rask innsamling.

pytt er eit lett tilgjengeleg og ikkje-invasivt prøvemateriale som kan vere eit godt alternativ til blod i mange analysar.

Fordelar med spyttprøver

  • Enkel og smertefri innsamling
  • Låg kostnad og høg pasientaksept
  • Kan brukast der blodprøvetaking er vanskeleg
  • Eigna for heimeinnsamling

Bruksområde

  • Omics-studiar (genomikk, proteomikk, metabolomikk)
  • DNA-ekstraksjon
  • Kan erstatte blod i fleire molekylære og biokjemiske analysar

Innsamling og behandling

  • Tidspunkt: ca. 2 timar etter matinntak for å unngå påverknad frå mat og drikke.
  • Behandling før lagring:
    • Nedstraumsanalysar avgjer om prøven skal:
      • Oppbevarast på is eller i romtemperatur
      • Tilsetjast proteasehemmarar
      • Sentrifugerast eller ikkje

Avføringsprøver gir innsikt i både infeksjonar og samansetninga av tarmfloraen, og har fått aukande merksemd i forsking dei siste åra.

Bruksområde

  • Påvising av:
    • Blod i avføring 
    • Bakteriar, virus og parasittar
  • Mikrobiom-analysar:
    • Kartlegging av tarmfloraen og dens påverknad på helse og sjukdom

Innsamling og behandling

  • Innsamling:
    • Heile bitar av feces
    • Feces fortynna i stabiliserande væske (for DNA/RNA)
  • Behandling før lagring:
    • Val av protokoll avhengig av nedstraumsanalysar
    • Stabilisering av genetisk materiale er viktig ved molekylærbiologiske analysar

Spinalvæske blir tappa ved mistanke om sjukdom i sentralnervesystemet, og har stor verdi i forsking på nevrologiske og immunologiske tilstandar.

Bruksområde

  • Diagnostikk og forsking på:
    • Infeksjonar i CNS
    • Autoimmune og inflammatoriske tilstandar
    • Nevrologiske sjukdomar
    • Biomarkørstudiar

Viktige hensyn ved innsamling til biobank

  • Volum: Det er viktig å samle inn lik mengde (mL) frå kvar pasient
    • Grunnen er den rostral-caudale gradienten – samansetninga av spinalvæska endrar seg med volumet som blir tappa
  • Tidspunkt: Tapping bør skje på same tid på døgnet.
    • Samansetninga av spinalvæska varierer gjennom døgnet, og dette kan påverke analysane

Vevsprøvar blir ofte tatt i samband med diagnostikk eller behandling, og overskotsmateriale kan nyttast til forsking dersom det er samtykke frå pasienten.

Bruksområde

  • Studere sjukdomsprosessar på celle- og vevsnivå
  • Molekylære analysar (DNA, RNA, proteinar)
  • Histologi og immunhistokjemi
  • Omics-studiar (genomikk, transkriptomikk, proteomikk)

Viktige hensyn ved innsamling

  • Materialmengde: Ofte blir det tatt litt meir vev enn nødvendig for diagnostikk, som kan brukast til forsking.
  • Behandling og lagring:
    • Vev bør frysast ned så raskt som mogleg etter uttak
    • Flytande nitrogen er anbefalt for å bevare molekylært innhald (særleg RNA og proteinar)

 

Prøvebehandling

Korleis dei ulike prøvane blir vidare behandla er avhengig av typen biologisk materiale og formålet med forskinga. Generelt blir dei fleste materiala alikvotert i mindre einingar (alikvoter) ved hjelp av ein fordelingsrobot. For å unngå fleire fryse-/tinesyklusar bør størrelsen på alikvotane vere tilpassa analysane som skal utførast. 
 

Lagring

Hos Biobank Haukeland skal det maksimalt gå 2 timar frå prøvetaking til prøven er satt i frys. Dei fleste biologiske materialane bør oppbevarast på minimum -80°C med unntak av levande celler som bør lagrast i flytande nitrogen. 

 

Biobank Haukeland

Sist oppdatert 01.10.2025