Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sikker prosessering og lagring av biobankprøvar

Verdien av ein biobank avheng av kvaliteten på det lagra biologiske materialet. For optimal kvalitet på prøvene må ein ha gode rutinar for preanalytisk verksemd. Dette inneber blant anna gode rutinar for mellom anna innsamling, fordeling og lagring av det biologisk materialet.

En person i hvit hanske

Prøveinnsamling og fordeling

Biobank Haukeland har standardiserte rutinar for prøvetaking og fordeling av biologisk materiale. Dei aller fleste prøvane blir fordelte av fordelingsrobot. Bruk av standardiserte protokollar og automasjon er viktig for å få eit reproduserbart prøvemateriale.

Transport

Prøvar behandla av Biobank Haukeland blir etter fordeling sette i ein midlertidig -80 frys og deretter frakta vidare på tørris med temperaturovervaking til Biobank Haukeland sitt lokale i Marie Joys’ hus. All transport av prøvar blir dokumentert. 

Lagringseininga

  •  BiOS L4, fullautomatisert fryselagringseining
    Biobank Haukeland har ein fullautomatisert fryselagringseining, BiOS L4, lokalisert i Marie Joys’ hus. BiOS har to separate kjølesystem som fungerer som backup for kvarandre. Dersom temperaturen i frysarane overstig -72°C, vil flytande nitrogen brukast som kjøling.Temperaturen i BiOS L4 er kontinuerleg overvaka og loggført. BiOS L4 er knytt til alarmsystem.
  • -80°C ultrafrysar
    Ultrafrysarane er tilkopla prioritert straum, ekstern temperatursensor og sentralt driftsovervaking anlegg (SD anlegg). Temperaturen til frysaren blir kontinuerleg overvaka og loggført.
  • Nitrogentank
    Temperatur og nitrogennivå i nitrogentankane overvakast kontinuerleg av SD anlegget. Tanken blir automatisk fylt med flytande nitrogen etter behov. Nitrogentanken er lokalisert i eit rom med adgangskontroll. All innsetjing og uttak av prøvar må derfor skje i samarbeid med ein av biobanken sine tilsette.
     

Biobanklokalet

Biobanklokalet i Marie Joys’ hus har adgangskontroll der berre personar med tilknyting til Biobank Haukeland har adgang. Lokalet er ope for godkjente brukarar måndag til fredag, klokka 07-17. Kveld, helg og helligdagar er lokalet stengt for brukarar.
I lokalet blir både temperatur og luftfukt overvakt. Lokalet har god ventilasjon for å kontrollere varmeproduksjon frå frysarane fordi frysarane fungerer best når romtemperaturen ikkje overstig normal romtemperatur. Låg luftfukt er også ein fordel, sidan dette minskar sannsynet for rim på røyra. Lokalet er brannsikra med eit sprinkelanlegg og CO2 brannsløkkingsapparat.

Leige av plass til frysarane

Frysarane som står på leigd plass i Biobank Haukeland sitt lokale er tilkopla prioritert straum, SD anlegg og ekstern temperatursensor. Vi har i dag ingen ledig kapasistet.

Sporingssystem for biobankar

Labvantage er eit sporingssystem for biobankprøvar i Helse Vest. Alle prøvar som blir opparbeidde eller lagra hos Biobank Haukeland, blir registrerte i Labvantage. I Labvantage blir all prøvehandtering registrert frå prøvetaking til analyse. Hos Biobank Haukeland er LabVantage integrert med dei andre systema som utgjer Biobank Haukeland. Dette inneber integrasjon mot laboratorieinformasjonssystemet, prøvefordelingsroboten og den automatiserte lagringseininga. Oppbygginga av eit heilskapleg og automatisert system sikrar rask og kvalitetssikker behandling av biobankprøvar til forsking.
 

Biobank Haukeland

Sist oppdatert 08.05.2023