Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva er ein biobank?

Ein biobank er definert som eit arkiv med biologisk materiale til forskings-, diagnostikk-,  og/eller behandlingsformål. Materialet kan stamme frå levande eller daude menneske, og blir forstått som blod, urin, vev, celler eller heile organ.

Dei vanlegaste typane biobank er forskingsbiobankar, diagnostiske biobankar og behandlingsbiobankar.

Forskingsbiobank

Ein forskingsbiobank er ei samling biologisk materiale nytta til forsking. Det finst to typar forskingsbiobankar;      

  • Prosjektspesifikk forskingsbiobank er knytt til eit bestemt forskingsprosjekt.
  • Generell forskingsbiobank er ikkje bunden opp mot eit bestemt forskingsprosjekt, materialet kan brukast av fleire ulike forskningsprosjekt innanfor den same tematikken. Ein slik biobank er basert på eit breiare samtykke.

Diagnostisk biobank

Diagnostisk biobank er ein biobank der det biologiske materialet blir samla i forbindelse med diagnostikk og/eller behandling.

Behandlingsbiobank

Ein behandlingsbiobank er ei samling biologisk materiale med formål å behandle pasientar. Eit eksempel på ein behandlingsbiobank er ein blodbank.

Kvifor er biobankar viktige?

Mange forskingsprosjekt brukar i dag biobankar, og saman med behandlingsbiobankar og diagnostiske biobankar, har dei eit stort potensial for auke kunnskap. Det er grunn til å tru at mange svar kring sjukdom, helse og behandling ligg i materialet til desse biobankane. Biobanken sin verdi heng nøye saman med kvaliteten på det biologiske materialet.  Det er derfor viktig at dette verdifulle biologiske materialet vert oppbevart og behandla på ein adekvat måte.

Biobank Haukeland 

Sist oppdatert 08.05.2023