Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva kan Biobank Haukeland tilby?

Biobank Haukeland kan saman med dei andre laboratoria i Laboratorieklinikken levere ein heilskapleg løysing for biobanking. Ein kan bestille ei rekke tenester som rådgiving, prøvetaking, prøvefordeling, laboratorieanalysar og lagring av biobankprøvar tilpassa dei ulike prosjekta. Uavhengig av om ein er tilsett ved Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen, eller andre institusjonar, kan ein nytte seg av Biobank Haukeland sine tenester.

Rådgiving

Vi kan tilby rådgiving og rettleiing ved innsamling av humant biologisk materiale. Dette omhandlar hjelp med å utarbeide standardiserte prosedyrar for innsamling av mellom anna blod, urin og feces. Vi har opparbeidd oss eit stort nettverk og kan ved spesifikke problemstillingar tilvise vidare til riktig person ved behov. Biobank Haukeland sine brukarar får også rettleiing og støtte til bruk av sporingssystemet LabVantage Biobank, som blir nytta til biobanking i Helse Vest.

Prøvetaking og prøvebehandling

Biobank Haukeland tilbyr hjelp til prøvetaking og prøvebehandling. Der det er praktisk mogleg blir blodprøven til biobanking tatt saman med dei diagnostiske blodprøvane. Andre typer prøvemateriale som urin og feces kan leverast av donor samtidig med at blodprøvane blir tatt. Prøvane blir deretter frakta til laboratoriet og det biologiske materialet blir alikvotert av ein pipetteringsrobot over i FluidX-røyr og satt i -80°C frys. Som hovudregel skal alt materialet som lagrast hos Biobank Haukeland vere i frys innan 2 timar etter prøvetaking.

Lagring

Biobank Haukeland har ein fullautomatisert fryselagringseining, BiOS L4, frå Hamilton lokalisert i Marie Joys’ hus. Denne har ein kapasitet på anslagsvis 2.1 millionar  biobankrøyr og prøvane lagrast på -80°C. For å lagre materiale i BiOS L4 må ein nytte seg av biobankrøyr frå FluidX. Biobank Haukeland har desse røyra i 4 størrelsar 260 µl, 525µl, 865 µl og 1900 µl. Røyra vert identifiserte ved hjelp av unike 2D strekkodar i botn av røyra.

For biologisk materiale som ikkje passar inn i biobankrøyr, eller som ikkje skal bli lagra lenger enn 6 månadar, kan Biobank Haukeland tilby lagring i -80°C kistefrysarar.
Biobank Haukeland har også nitrogentankar med ein kapasitet på omtrent 40 000 prøverøyr. Brukarane av Biobank Haukeland kan leige plass til heile boksar i tanken. Det blir oppmoda til å nytte seg av FluidXrøyr og dedikerte lagringsboksar for desse røyra, slik at ein kan utnytte den tilgjengelege lagringskapasiteten best mogleg.

Laboratorieanalysar

Biobank Haukeland legg til rette for analysar av det biologiske materialet dersom prosjektet ønskjer det. Avhengig av typen analyse kan materiale bli analysert rett etter prøvetaking eller fryst ned og bli analysert på eit seinare tidspunkt. Arbeidet koordinerast av prosjektkoordinator ved Laboratorieklinikken. 

Biobank Haukeland

Sist oppdatert 29.08.2023