Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Et nærbilde av en gul elektronisk enhet

Biobank Haukeland

Biobank Haukeland tek i vare prøvematerialet frå innsamling til bruk i forsking. Saman med dei andre laboratoria i Laboratorieklinikken (LK) leverer Biobank Haukeland ein heilskapleg løysing for biobanking integrert i sjukehuslogistikken. Prøvefordelinga og lagringssystemet er fullautomatisert, i tillegg er biobanken sitt sporingssystem integrert med sjukehuset sitt laboratoriesystem.

Biobank Haukeland er organisert som ei eiga eining under Laboratorieklinikken (LK). Biobanken  har eit nært samarbeid med dei andre avdelingane i LK.  Vi har lokale for prøvebehandling  i Laboratoriebygget, mens sjølve lagringseiningane er lokaliserte i underetasjen i Marie Joys' hus. 

 

Leiar Biobank Haukeland                                                                                                                 ann.cathrine.kroksveen@helse-bergen.no                                                                                                                      

Telefon: 55971970

Genrelle førespurnadar                                                                                                                         biobank.haukeland@helse-bergen.no                                                                                                                              

Telefon: 55975854


Kva er ein biobank?

Ein biobank er eit arkiv med humant biologisk materiale til forskings-, diagnostikk-, eller behandlingsformål. Materialet kan stamme frå levande eller daude menneske, og blir forstått som blod, urin, vev, celler eller heile organ.
Meir om biobankar og kvifor dei er viktige i forsking
Biobanklokalet i Marie Joys' hus

Kva kan Biobank Haukeland tilby

Biobank Haukeland kan saman med dei andre laboratoria i Laboratorieklinikken levere ein heilskapleg løysing for biobanking. Ein kan bestille ei rekke tenester som prøvetaking, prøvefordeling, laboratorieanalysar og lagring av biobank prøvar.
Meir om Biobank Haukeland sine tenester
Bioingeniør jobbar på lab

Sikker prosessering og lagring av biobankprøver

Ein biobank sin verdi avheng av kvaliteten på det lagra biologiske materialet. For optimal kvalitet på prøvane må ein ha gode rutinar for innsamling, fordeling og lagring av det biologiske materialet.
Meir om sikker prosessering og lagring av biobankprøvar
Biobankprøvar setjast inn i BiOS L4

Prisliste

Biobank Haukeland tilbyr ei rekke tenester som kan nyttast mot brukarbetaling.
Meir om prisar på varer og tenester
Biobankrøyr på tørris

Etablere ein biobank

Å etablere ein biobank krev god planlegging og koordinering. Biobank Haukeland legg til rette for god prøveflyt saman med dei andre laboratoria i Laboratorieklinikken. Ein må sende inn ein søknad for å inngå prosjektsamarbeid med laboratoria i Laboratorieklinikken.
Meir om å etablere ein biobank og prosjektsamarbeid
Tar opp rack frå nitrogenfrysar

Skal du delta i eit forskingsprosjekt?

Biobankar er i viktige i dagens forsking og vil i framtida gje økt kunnskap som kan forbetre diagnostikk og behandling. På grunnlag av dette kan ein bli spurd om å delta i eit forskingsprosjekt. All bruk av personlege opplysningar og biologisk materiale blir regulert av Helseforskingslova og anna norsk lov, og som forskingsdeltakar kan du til ein kvar tid trekke deg frå prosjektet.
Les meir om det å vere deltakar i eit prosjekt
Tapping av blodprøverøyr

FluidX biobankrøyr

Hos Biobank Haukeland lagrast det biologiske materialet i ein fullautomatisert lagringseining (BiOS L4). Alle prøvar må fordelast i FluidX biobankrøyr. Biobank Haukeland har røyr med fire ulike volum.
Meir om biobankrøyra og bestillingsinformasjon
FluidX biobankrør i stativ i ulike størrelser

Prøvebehandling

All handtering av prøven fram til analyse kan påverke resultata. Det er derfor viktig at prøvebehandlinga blir gjort så strømlinjeforma som mogleg for å sikre god kvalitet på prøvane.
Les meir om preanalytiske faktorar
Klistre etikett på blodprøverøyr
Sist oppdatert 19.01.2024