Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Barn og unge på sjukehus
Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. Lengt etter resten av familien, venner og skule/ barnehage kan vere stor for dei som er lenge på sjukehus.
Her finn du informasjon om korleis det er å være barn eller ungdom på sjukehus, samt tips og råd til korleis du kan ha ei litt betre tid medan du er her.
Kino
Visste du at Bergen kino har ein heilt eigen kinofilial på Energisenteret? Ein til to gonger i veka blir gymsalen i Energisenteret omgjort til ein kinosal. Her kan du sjå dei nyaste kinofilmane.
Lyst å spele dataspel samstundes som du syklar? Eller kanskje utfordre ein kompis eller eit søsken i bordtennis? Eller har du lyst å prøve å spele flygel?
Hugs å klarere med legen din at det er greitt at du forlèt sjukehusavdelinga før du går.
Musikkterapi
Du treng ikkje vere ein kløppar til å spela noko instrument eller vere god til å synge for å ha det kjekt i lag med musikkterapeutane. På musikkrommet føregår det ulike aktivitetar som improvisasjon, song, samspel, lytting til musikk, bandsamspel og songskriving.
Leiketerapien finn du i underetasjen på Marie Joys' hus. Her kan du leike, lese, spele, være kreative og skapande – eller berre slappe av i andre omgjevnadar.
Gjennom å skape ulike former for kunstverk og gjennom å vere kreativ, kan kunstterapi hjelpe deg til å gløyme sjukdom for ei stund. Det gjer ingenting at du ikkje har måla, teikna eller vore så kunstnarisk tidlegare – i kunstterapien er det plass til alle.
Klovnane du møter her hos oss ønskjer å skape glede og tar deg med inn i fantasiens ver for ei lita stund. Vi får besøk av sjukehusklovnar på faste dagar, som går rundt og helser på barna som er på sjukehuset.
Ungdomsrommet i Glasblokkene er meint som ein stad der du som ungdomspasient kan kople av frå behandling og «bare være ungdom». Du kan ta med deg vener hit, eller du kan gå hit aleine. Her skal det være fritt for behandlingspersonell og andre vaksne.
Ungdomsrommet på Kreftavdelinga skal være ein fristad for unge vaksne og ungdom med kreft, samt for unge pårørande til kreftramma. Rommet finn du i etasje U1 i Sentralblokka.
På takterrassen utanfor «Cafe 3» i Sentralblokkas tredje etasje på Haukeland universitetssjukehus har ei gruppe eldsjeler dyrka fram ein liten oase til glede for pasientar, pårørande, tilsette og andre besøkande.
Av og til kan det være godt å kople av med ei bok, nokre teikneseriar eller ein DVD. Då kan Pasientbiblioteket vere ein smart stad og besøke. Pasientbiblioteket ligg i etasje 0 i sentralblokka ved hovudinngangen.
I resepsjonsområdet i Glasblokkene er det ikkje berre mange artige aktivitetar som du kan prøve ut. Her er det også mogleg å studere kunstverk, gjere lekser eller bare sitje å slappe av aleine eller saman med vener eller pårørande.
Energisenteret
Energisenteret for barn og unge har mange aktivitetar som barn og ungdom og deira pårørande på sjukehuset kan nytte.
Leikeplassen ligg utanfor Marie Joys hus. Ta med deg ein venn og kle deg godt.
Barn og unge som er innlagt på sjukehus i meir enn ein veke, har rett på opplæring frå Sjukehusskolen. Dette gjeld alle som har skoleplass. Ved gjentakande opphald i sjukehus, er det nok å kontakte Sjukehusskolen om at barnet/ungdommen er tilbake og klar for opplæring.
Barna/ungdommane kan få undervisning på sengeposten når dei treng å halde seg på sitt eige rom. Lærerane vil tilpasse skolearbeidet til eleven sin dagsform og plan for behandling.
Det blir lagt mest vekt på fag som norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag, natur og miljø, i tillegg til forming og musikk. Skolen prøver å gi barna/ungdommane ein variert skoledag.
Sjukehusskolen er avhengig av at sjukehuset informerer oss om pasientafr som har rett til skolegang. Det er ein stor fordel om tilmeldingsskjema til sjukehusskolen er utfylt ved innlegging, da går prosessen raskare.
Visste du at du har rettar som pasient på sjukehuset?
Du har rett til å få informasjon om helsetilstanden din
Du har rett til å få informasjon om kva behandlinga di går ut på
Du har rett til å få informasjon på eit språk som du forstår
Du har rett til å ha minst ein av foreldrene dine tilstade under eit sjukehusopphald
Du har rett til å seie di meining og rett til å bli høyrt i saker som gjeld helsetilstanden din og behandlinga di
Du har rett til å sjølv bestemme om dine føresette skal vere med deg inn til legen/anna helsepersonell
Når du er 16 år har du i dei aller fleste tilfelle rett til å sjølv bestemme om du skal ha behandling
Når du er 16 år har du rett til å bestemme kven som skal få informasjon om helsa di og besøka du har gjort hos helsetenesta
Har du ein mamma, ein pappa eller eit søsken som er alvorleg sjuk, skal helsepersonell sørgje for at du får nødvendig oppfølging og informasjon om situasjonen.
Har du hatt kjipe opplevingar i helsetenesta? Då kan Pasient- og brukarombodet hjelpe deg!
Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ivareta pasientens og brukaren sitt behov, interesser og rettsstryggleik overfor spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta for å betre kvaliteten i tenestene.
At barnet eller ungdommen har foreldre eller andre nærståande personar med seg som støttar dei, er avgjerande. Barnet eller ungdommen må kanskje forhalde seg til smerter og ubehag, men som sjukehus prøver vi å legge til rette for at opphaldet skal vere litt meir enn berre sjukdom og behandling.
Når ein familiemedlem blir alvorleg sjuk inneber det ofte endring i livssituasjonen til heile familien. I slike situasjonar er det viktig at vaksne er merksame på korleis barna og dei unge har det.
Ei ungdomsvennleg helseteneste må vere tilpassa ungdom sine behov, basert på beste tilgjengeleg fagkunnskap, den må involvere ungdomane, vere samordna og prega av kontinuitet.
Prosjekt Ungdomsmedisin arbeidar for at helsetenesta i endå større grad skal vere ungdomsvennleg.
Vi menneske er ulike. Nokon liker å dele mykje med mange, andre gjer det ikkje. Sosiale media kan vere ein god måte å halde kontakt med familie og vener på, og vi ønsker ikkje å stanse dette.
På eit sjukehus kan det vere etiske problemstillingar ein må tenke gjennom før ein deler, mellom anna omsyn til andre pasientar, brukarar eller tilsette ved sjukehuset.