Når du begynner i Helse Bergen blir du ei viktig brikke i eit samspel rundt pasientane våre. Vi er avhengig av at kvar einskild medarbeidar utfører ein så god jobb som mogleg for å kunne oppfylle vårt viktige samfunnsoppdrag, og no blir din innsats eit verdfullt bidrag til dette!
Velkomsthelsing
Velkommen som medarbeidar til ein av Vestlandets største arbeidsplasser. Her er administerande direktør Eivind Hansen si velkomsthelsing til deg.
Dette er Helse Bergen
Vår visjon
Visjonen for Helse Bergen er å fremme helse og livskvalitet i vest. Dette skal vi gjere gjennom å vise
respekt i møte med pasienten, sørge for
kvalitet i prosess og resultat og skape
tryggleik for tilgjengeligheit og omsorg.
Våre verdiar
- Respekt i møte med pasienten
- Kvalitet i prosess og resultat
- Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg
Vår strategi
Helse Bergen har utvikla ein
strategi for 2017-2022 for å imøtekome framtida muligheiter og utfordringar. Strategien gir retning for arbeidet i sjukehuset og framtidig prioritering. Ta gjerne ein titt!
Sjå organisasjonskartet vårtVi er om lag 12.000 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. I 2017 hadde vi omlag 870 000 pasientmøter og utdanna over 3000 helsearbeidarar. Her finn du
fleire tal som omhandlar aktivteten vår.
Vårt mangfald
Vi har avdelingar innan psykisk helse, rus, somatikk og rehabilitering. Her finn du
oversikt over alle einingar og stadar i Helse Bergen. Vi er
lokalisert frå Manger i nord til Os i sør.
24 kommunar høyrer til i Helse Bergen sitt føretaksområde og vi samarbeider tett med desse.
Tilbod til medarbeidarar
På
sida for medarbeidarar får du tilgang til personalhandbok og andre nettstader for medarbeidarar, samt praktisk informasjon om alt frå garderobar og ID-kort til parkering og nyttig kontaktinformasjon.
Helse Bergen har også eit omfattande
velferdstilbod til dei tilsette, mellom anna eit aktivt
bedriftsidrettslag.
Opplæring og kurs for nye medarbeidarar
Som ny hjå oss vil du få ei basisopplæring, i tillegg til opplæring i avdelinga der du er tilsett. Basisopplæringa omhandlar blant anna:
- Brannvern
- Informasjonssikkerheit
- Handhygiene
- DHLR
Vi oppfordrar deg til å logge deg på Læringsportalen (sjå info under) og sjå på desse kursa og at du gjennomfører brannvern- og informasjonssikkerhetskurset før oppstart.
Pålogging Læringsportalen
Her finn du
veileder for pålogging til Læringsportalen
Skjema som skal fyllast ut før tiltreding
Skjema for lønsansiennitet
Beregning av lønnsansiennitet er aktuelt for yrkesgrupper som følger minstelønnssatser i Helse Bergen.
Dersom du er usikker på om dette vil gjelde for deg, kan du spørre tilsettande leiar.
For å kunne beregne riktig lønn må du laste ned og fylle ut skjemaet.
Skjema for nedlasting og informasjon om korleis det skal fyllast ut/adresse for innsending