Koronavirus - informasjon til ansatte
Nettstader for tilsette:
Nyttig informasjon for deg som er tilsett
Personalhandboka inneheld nyttig informasjon om personalpolitikk og retningslinjer i Helse Bergen. I MinGat finn du informasjon om arbeidstid og løn, mellom anna oversikt over vakter og timelister. Det er også her du finn lønsslippar og løns- og trekkoppgåver frå Helse Bergen.
Arbeidsinstruks
Arbeidsinstruksen inneheld dei krav og forventningar Helse Bergen HF har til sine arbeidstakarar.
Instruksen set rammer for tilhøvet mellom arbeidstakar og arbeidsgivar og er meint å bidra til trygge og planlagde arbeidsvilkår for tilsette i føretaket.
Brukarrettleiing for 2-faktor pålogging
Logge på MinGat frå heime-PC (pdf)Digital sjukemelding
Frå 15. januar startar NAV med digital sjukemelding i heile Noreg. Det vil seie at alle medarbeidarar skal motta og sende sjukemelding og søknad om sjukepengar digitalt til sin arbeidsgivar. Alle medarbeidarar ved Helse Bergen må derfor levere digital sjukemelding frå 15. januar i 2018.
Det er viktig at du informerer leiaren din om sjukefråvær som før.
Kort tid etter du har blitt sjukemeld av fastlegen din, vil du motta ein SMS frå NAV med ein link til nav.no. Her skal du velje arbeidsgivar og sende sjukemeldinga til arbeidsgivaren digitalt. På siste fråværsdag av sjukemeldinga vil du motta ny SMS frå NAV om å sende inn søknad om sjukepengar digitalt. Det er denne søknaden som gir grunnlag for løn under sjukdom.
Meir informasjon finn du på «Innsiden» - intranett for tilsette i Helse Bergen
(NB! Kun tilgjengeleg i sjukehusnett eller heime-PC levert av Helse Vest IKT)
Etiske retningslinjer
Etisk refleksjon skal ligge til grunn for alt det vi gjer. Som tilsett i Helse Bergen har du plikt til å setje deg inn i våre etiske retningslinjer.
Hugs at kvar og ein av oss har ansvar for at sjukehuset lever opp til sitt verdigrunnlag.
Etiske retningslinjer i Helse Vest
Garderobar og arbeidstøy
På Haukeland universistetssjukehus hentar du sjølv arbeidstøyet i eigne maskinar for tøyutlevering. Sjukehuset har slike maskinar i Sentralblokka, i Gamle Hovudbygg, i Marie Joys' hus, ved Lungebygget og ved Kvinneklinikken. Dei same stadene finn du innkast for skittent arbeidstøy.
Sjukehuset har skap med lås til oppbevaring av privat tøy og eigendelar og eigne skap til sko. Jobbar du i meir enn halv stilling på Haukeland universitetssjukehus, kan du setje deg på venteliste hos Drift/teknisk kundesenter for å få eige garderobeskap.
Studentar
I samanheng med praksisperiode hos oss får du som student tilgang til arbeidstøy og garderobeskap.
ID-kort/nøkkelkort og namneskilt
Alle tilsette i Helse Bergen skal ha ID-kort med bilde. Du skal alltid ha på deg kortet synleg for andre.
Tilsette ved Haukeland universitetssjukehus får utlevert ID-kort hos
Drift/teknisk kundesenter, 1. etasje i Verkstadbygget. Du må ha med deg gyldig legitimasjon og ei stadfesting på tilsetting i form av arbeidsavtale eller tilsettingsbrev.
Studentar
Studentar som har behov for personleg ID-kort/nøkkelkort den perioden dei har praksisstudium i Helse Bergen får dette tildelt ved oppstart av praksis.
Hvis du ikkje får tildelt eit personleg ID-kort frå Helse Bergen, er det likevel nødvendig og viktig at du som student har eit namneskilt der der står namn og tittel, slik at både pasientar og tilsette som du møter kan sjå kven du er.
Kortet skal leverast tilbake til Helse Bergen (Drift/teknisk kundesenter) når du er ferdig med praksisstudiet.
ID-/nøkkelkort
Du skal bere kortet synleg.
Du må oppbevare kortet på ein slik måte at ingen andre får tilgang til det eller på nokon måte kan misbruke det.
Kortet er personleg og skal aldri bli lånt vekk.
Kortnummeret finst på kortets framside, dette nummeret blir alltid brukt som referanse ved tøymaskinar, endring av adgangsstatus o.l.
Kort med smartbrikke skal aldri vere i PC når korteigar ikkje nyttar PC. Lån aldri bort kortet.
Pin-kode
Pin-koden er hemmeleg. Den skal du oppbevare på annan stad enn kortet (tilsvarande minibankkort).
Tapt kort
Må straks meldast til Drift/teknisk kundesenter på tlf:
55 97 71 00 .
Nytt kort blir skrive ut etter gjeldande reglar for utskriving av ID-kort.
Køyrereglar
La ikkje nokon passere saman med deg inn i ei sone eller ut av eit avlåst pasientareal.
Sørg for at den adgangskontrollerte døra er lukka etter deg.
La ikkje adgangskontrollsystemet bli ei kvilepute.
Ver ditt ansvar bevisst.
Sjå at dører og vindauge i ditt miljø er lukka og låste.
IKT-tryggleik
Helselovgivinga saman med personopplysningslova stiller strenge krav til behandling av helse- og personopplysningar.
I Helse Bergen er vi opptekne av informasjonstryggleik og har ein sikkerheitsinstruks som alle tilsette har eit personleg ansvar for å gjere seg kjende med og leve etter.
Instruksen er tilgjengeleg for alle tilsette på intranettet. Helse Bergen har også eit e-læringskurs i informasjonstryggleik som er obligatorisk for alle tilsette.
Norm for informasjonssikkerhet helse- og omsorgstjenesten (Normen) frå Helsedirektoratet.Intranett
Intranettet til Haukeland heiter «Innsiden» og er den primære kommunikasjonskanalen i sjukehuset utanom dei kliniske systema.
Gå til Innsiden (NB! Verkar kun internt i sjukehusnettet)Parkering for tilsette
Haukeland universitetssjukehus
Vi oppmodar tilsette om å sykle til jobb eller å nytte buss eller bybane. Sjå Skyss sine internettsider for informasjon om arbeidsbussar. Haukeland universitetssjukehus har parkering både for syklar og bilar. Sykkelparkeringa i Sentralblokka er tilgangskontrollert.
Parkeringsplassane nærast sjukehuset er reservert for pasientar og besøkande.
Som tilsett må du søkje elektronisk via intranettet om oblat/kort for å nytte parkeringsområda.
Voss sjukehus
Ved Voss sjukehus er det ei parkeringsavgift for tilsette. Servicekontoret ved sjukehuset kan svare på spørsmål om dette.
Tenestebevis
Helse Bergen utarbeidar tenestebevis til tidlegare tilsette der sluttattest frå ein eller fleire einingar ikkje ligg føre ved avslutta stillingsforhold i føretaket. Tenestebevis kan og utarbeidast for tilsette (timeløna) som til dømes skal søkje skule.
Les meir om tenestebevis
Trådlaust nett
Kontaktinformasjon
Fagsenter administrative system
Telefon
55 97 47 40
E-post
Bierverv
Deltidskartlegging
MinGat
Reiseregning
WebCruiter Helse Vest IKT
Telefon
55 97 65 40
E-post
kundesenteret@helse-vest-ikt.no
Nettside
www.helse-vest-ikt.noPersonal- og organisasjonsavdelinga
Telefon
55 97 66 00
E-post
Personalavdelingen@helse-bergen.no
Postadresse
Personal- og organisasjonsavdelinga
Haukeland universitetssjukehus
Postboks 1400
5021 Bergen