Sjølv om Drift/teknisk kundesenter primært er ei avdeling for tilsette og avdelingar ved sjukehuset, er det også på enkelte område aktuelt for pasientar, besøkande og andre å kontakta oss.
Hittegods
Pasientar og besøkande som har gløymt eller mista noko på sjukehuset, skal fyrst spørje på den avdelinga eller poliklinikken der dei vart behandla.
Deretter kan det vera aktuelt å kontakte oss i Drift/teknisk kundesenter. Klokker, smykke, telefonar og andre verdisaker vert oppbevart i 3 månader ved Drift/teknisk kundesenter og deretter overlevert til politiet.
Jobb og parkering
Parkeringsplassane nærast sjukehuset er reservert for pasientar og besøkjande.
Dei tre største parkeringsområda for tilsette er:
Nokre av desse områda har bommar og kort-lesarautomatar. Alle må ha gyldig oblat/kort for parkering.
Elektronisk søknadsskjema for tilsette finn du på intranettsida til Drift/teknisk kundesenter.
Parkeringskort for pasientar/pårørande
Pårørande til pasientar med sjukehusopphald meir enn 7 dagar kan kjøpe eige parkeringskort. Det kostar 350 kr for ei veke eller 700 kr for to veker. Parkeringskortet gjeld for 7 eller 14 døger når det blir aktivert.
Ta kontakt med avdelinga der pasienten er innlagt. Personalet kan fylle ut skjema så du får kjøpt parkeringskortet i Resepsjonen, Sentralblokka, 0. etasje.
Garderobar
Er du fast tilsett i meir enn 50,1 % stilling ved Haukeland universitetssjukehus kan du søkje om garderobeskap. Ta kontakt med Drift/teknisk kundesenter på web, telefon eller e-post.
Er du vikar eller fast tilsett i 50,1 % stilling eller mindre, eller ventar på garderobeskap, må du bruke fleirbrukarskap. Då vil du i tillegg få eit fast "skoskap" i gul/raud garderobe.
Personaltøy
Tøyutlevering skjer ved at du brukar id-kortet ditt på dei ulike tøyutleveringsmaskinane som står rundt om på Haukeland universitetssjukehus. Tøyet vert returnert i tøyinnkast. Hugs å tømme lommene på personaltøyet.
Modell og bruksreglement er bestemt av leiinga ved sjukehuset og Vaskeriet følgjer desse retningslinene. Dersom nokon har spesielle problem eller ønske, ta kontakt med kundesenteret så formidlar vi spørsmålet til leiinga ved Vaskeriet. Vi har for tida 7 tilgjengelege storleikar, frå X-liten til XXX-stor i kvit bukse/kittel, og 6 storleikar i frakk, frå X-liten til XX-stor.
ID-kort
ID-kort får du i Drift/teknisk kundesenter.
Alle tilsette pliktar å bere personleg identitetskort synleg. I tillegg til at ID-kortet viser at du arbeider ved sjukehuset, fungerer ID-kortet som ein nøkkel til tilgangskontrollerte avdelingar/rom.
Når ID-kort blir skrive ut får ein også tilgang til å ta ut personaltøy.
Vi skriv og ut smartkort som skal nyttast ved pålogging og arbeid i helsenettet ved bruk av VPN eller mobilt kontor.
Viktig å hugse:
Ta med gyldig legitimasjon:
- Pass. Gjelder alle som skal ha tilgang til systemene e-resept, checkware og kjernejournal
- Bankkort med bilde, førarkort, eller pass for alle andre.
Alle må lese retningsliner for bruk av id-kort
- Ved opphøyr av arbeidsforhold skal id-kort returnerast til Drift/teknisk kundesenter