Velferdstilbod

Det blir arrangert eit mangfald av aktivitetar i regi av våre tilsette. Å møtast på ein arena utanfor sjukehuskorridorane er av stor verdi for trivsel og arbeidsmiljø.

​​Kultur

På sjukehuset har vi eit eige Kulturbryggeri, der kulturbryggar Atle Halvorsen står i spissen for trivselsfremjande tiltak retta mot pasientar, pårørande og tilsette. Vi kan mellom anna nemne konsertar, revy, Barnas dag, Grilldagen, Brannkampar og Julaftanarrangement.

Haukeland Sykehus Idrettslag (HSI)

Vårt mål er å støtte førebyggjande og helsefremjande arbeid ved å tilby tilsette trening og aktivitet.​ Haukeland sykehus idrettslag (HSI) har i dag om lag 1600 medlemmer,​ fordelt på 20​ grupper. ​

HSI har eit mangfaldig tilbod, blant anna fotball, handball, aerobic, orientering, innebandy, volleyball, turgruppe, friidrett, golf og styrketrening. 

Faste årlege aktivitetar er Holmenkollstafetten, deltaking i norsk og nordisk meisterskap for idrettslag knytte til helsevesenet, den lokale Vekselbankstafetten og ulike aktivitetsdagar både vinter og sommar.



Jordmor for tilsette

Bedriftshelsetenesta har eigen tilsett bedriftsjordmor. Ho jobbar med å legge forholda til rette for gravide i jobb i føretaket. Tilbodet er eit supplement til den vanlege svangerskapsoppfølginga den gravide får hos jordmor og/eller lege.


Hytter

Tilsette hos oss kan leige hytte av Fagforbundet. Fagforbundet Helse Bergen har fire hytter på Oppheim i Voss kommune og ei hytte ved Liset på Hardangervidda. Etter avtale med sjukehuset kan alle tilsette leige hytte.

​Barnehage

Vi har fire barnehagar for tilsette​ på sjukehuset med barn. Vi har ein barnehage i Sandviken og tre i nærleiken av Haukeland. Alle som er tilsett hos oss, eller som skal starte i ny stilling, kan søkje om barnehageplass.

Fann du det du leita etter?