HELSENORGE

Biobank Haukeland

Biobank Haukeland tek i vare prøvematerialet frå innsamling til bruk i forsking. Saman med dei andre laboratoria i Laboratorieklinikken (LK) leverer Biobank Haukeland ein heilskapleg løysing for biobanking integrert i sjukehuslogistikken. Prøvefordelinga og lagringssystemet er fullautomatisert, i tillegg er biobanken sitt sporingssystem integrert med sjukehuset sitt laboratoriesystem.

​Om Biobank Haukeland

Biobank Haukeland er organisert som ei eiga eining under Laboratorieklinikken (LK). Biobanken  har eit nært samarbeid med dei andre avdelingane i LK og har i dag tilsette på preanalytisk seksjon ved  Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) og Avdeling for patologi. Vi har lokale for prøvebehandling og prøvefordeling i 2. etasje i Laboratoriebygget, mens sjølve lagringseiningane er lokaliserte i underetasjen i Marie Joys' hus. 

Biobank Haukeland er finansiert av Helse Bergen, Trond Mohn stiftelse og Norges forskningsråd/Biobank Norge og UiB.

Kontakt Biobank Haukeland

Leiar Biobank Haukeland                                                                                                                 ann.cathrine.kroksveen@helse-bergen.no                                                                                                                      

Telefon: 55971970

Genrelle førespurnadar                                                                                                                         biobank.haukeland@helse-bergen.no                                                                                                                              

Telefon: 55975854


Fann du det du leita etter?